Hei,
la meg berre først be om orsaking for den veldig lite originale forespørselen...eg har bestemt meg for å kjøpe ny TV i år, men synest det er utruleg vanskeleg å bestemme meg. Eg har besøkt ein del butikkar, og surfa rundt på nettet, men eg er eigentleg like forvirra som når eg starta, om ikkje meir. Ein kollega fortalte meg at der var mange folk som forsto seg på slike ting her på AVforum, so no set eg min lit til at nokon her kan hjelpe meg.
Eg skal altso ha ein ny TV, type flat, på om lag 40"-42" (37" er minimum). Eg har bestemt meg for å bruke mellom 10 og 30 tusen kroner. Då vil eg ha ein TV som kjem i kategorien "heftig", og som vil trekke til seg misunnelege blikk når folk kjem på besøk. Bortsett frå å gjere fattigare menneske misunnelege, reknar eg med at eg i hovudsak kjem til å bruke han til å sjå filmar og spele konsollspel (PS2 no, PS3 til jul). Litt TV-titting med signal frå vanleg takantenne kan det nok òg bli, samt tilkopling av PC, men dette vert ikkje førsteprioritet. Eg har først og fremst sett på LCD-TVar so langt, men eg er veldig åpen for plasma dersom nokon meiner det er best.
Av dei eg har sett på til no, er Samsung sin LE40R72B den eg har komt nærmast å kjøpe. Eg likte designet godt, og på HiFi-Klubben fekk eg sjå han med forskjellige signalkjelder. Med eit godt signal var biletet i mine auge fenomenalt...men eg har ein mistanke om at eg kanskje let meg imponere for lett, sidan eg ikkje har sett mange HDTVar med skikkelege signalkjelder før.
Dersom nokon har nokon råd eller innspel, ville eg ha vore svært takksam.
Kay