På utkikk etter 46-48" flatskjerm-fjernsyn for stovebruk, makspris kr 10.000,-


Garegaupa

Medlem
8 Aug 2015
9
0
1
Hei!

Eg har søkt litt rundt på nettet då eg snart lyt til å handle meg nytt fjernsyn. Grunna relativt lita stove, og såleis lita avstand mellom sofa og fjernsyn (170-180 cm), så tenkte eg fyrst på eit apparat i storleiken 40-42", men etter å ha kikka litt rundt sjølv og fått ein del signal frå andre folk så har eg nok landa på at eg ynskjer noko i storleiken 46-48" i staden. Uansett så har eg leita så mykje no at eg har sett meg litt blind, og ville gjerne høyre her om der er nokon her som har ei og anna erfaring å dele med tanke på kva for modell(ar) eg bør vurdere.

Eg har ei absolutt maksimumsgrense på kr 10.000,-, men vil helst halde meg godt under dette - viss ein kunne fått eit brukbart fjernsyn til halvparten eller litt over så hadde det vore det klårt beste.

Når det gjeld spesifikasjonar så lyt det vere minimum Full HD. 4K kan sikkert vere kjekt å ha, men absolutt ikkje noko krav. Eg vil seie minimum 4 HDMI-portar, til naud 3, men det er absolutt minimum. 3D har eg ikkje noko spesielt behov for eller meining om, så det er hipp som happ om der er støtte for det eller ikkje.

Det er ikkje så farleg om det er smart-TV eller ikkje - eg vil heller kjøpe eit fjernsyn utan smart-funksjonar/appar som har godt bilete og god lyd enn å kjøpe ein smart-TV til same pris og gå på kompromiss i høve til andre eigenskapar. Smart-funksjonar kan eg få gjennom Blu-ray-spelar og/eller HTPC likevel. :)

Bruksområde vert vanleg fjernsyns-kikking (Altibox), film (Blu-ray, DVD, Netflix++), samt at eg truleg kjem til å skaffe meg ein HTPC på eitt eller anna tidspunkt, eller bruke ei løysing tilsvarande Chromecast. Viss noko skal nedprioriterast her så lyt det i så fall vere PC-tilkoplinga, det viktigaste er at det faktisk kan brukast som eit fjernsyn!

Då vonar eg at desse opplysningane er tilstrekkelege til å kunne gje meg eit råd eller fem! Sei ifrå viss der trengst fleire opplysningar, så skal eg svare som best eg kan!

På førehand takk for all hjelp!
 

Garegaupa

Medlem
8 Aug 2015
9
0
1
Hei, Zleepyme, og tusen takk for svar! :)

Eg skal sjå nærare på dei modellane du har nemnt der, dei såg ikkje dumme ut! Når det gjeld 55" så ville eg vel tru at det vert litt i største laget på den relativt korte avstanden eg vert sitjande og sjå på...?
 

Zleepyme

Medlem
15 Mar 2007
3.743
7
38
Mo i Rana
Ikke nødvendigvis med bildekvaliteten man har i dag. Kan også være verd å ha en større skjerm om man f.eks ønsker å koble pc til osv... En av grunnene til at 55" er rimeligere en flere 48" er at det går mer 55", og prisen presses raskere ned.
 

Svein_B

Medlem
6 Apr 2005
387
0
16
Om du synes 55" blir for stort, så kan det finnes en del gode tilbud på 40" Tv'er.

Det er blitt litt dårligere utvalg i 46" enn det var i fjor.
 

Garegaupa

Medlem
8 Aug 2015
9
0
1
Hei igjen!

Takk for alle råd og tips så langt! :)

Eg har kikka litt rundt, og tek så smått til å sirkle meg inn på denne her: TV - SONY KDL50W807CSAEP 50" LED TV - expert

Kva trur folket om dette? Dette er eit apparat som er både innføre budsjettet mitt og har dei funksjonane eg er ute etter. Det har dessutan kome godt ut i dei testane eg har sett på så langt.