Dynabel Brontes*2, bilder 24. mars!


Tandstad

Medlem
21 Feb 2005
3.975
1
36
www.home.no
Så var vi då endeleg komt igang med to stk. dynabel brontes. Som ein kan følge i andre tråden min her inne, er fire 3-veis høgtalarar, fire høgtalerstativ og senter også under bygging. Var litt bekymra då vi starta idag, då eg visste at eg hadde litt knapt med volum i den kassa som skulle romme forsterkar+strømforsyning. Min første tanke var å berre gå for det, men då kom Stein Ove på den genitanken å bygge ei eiga kasse til forsterkarmodul+strømforsyninga, og dermed he oss to kasser på eksakt det samme volumet. Innvendig mål er 35*40*40(BHD), noko som skulle bli omtrent nøyaktig det volumet som brontes skal vere(Kassa skal vere 50 liter ifølge Eltek, denne kassa er 56 liter minus avstiver og element.
Dagen idag gjekk med til å frese spor i platene, mekke til avstivarar, ete litt kake, og lime første kassa. Regner med at iløpet av helga skal eg ha begge kasser klare til lakking.(forutan forsterkarkassa, som ikkje enda er påbegynt.)

Bilder må til! Ikkje så mange denne gangen, men blir fleire når oss kjem lenger ut i prosessen.

Første kassa, utan front/bakbaffel. Køyrer enkle baflar då eg skal ha elementa på kortsidene.



Kassa, Peerless XXLS 12" og Hypex HS500(målt til 810 bipolare watt i 4 ohm)



Dessverre hadde eg ikkje mange nok tvinger til å begynne på den andre kassa idag :/ Ein får aldri nok tvinger!

Takker også idag til Stein Ove for hjelpa!
 
Jeg vil benytte sjansen til å si hei her på forumet!
Jeg er Tandstad sin assistent i høyttalerbygging:)
Tanken var i utgangspunktet å bygge 2 subber. Denne ene har innebygget forsterker med tilkobling for den andre subben som er passiv. Da ville begge blitt drevet av samme forsterker.
Det vi heller har bestemt oss for er å bygge 2 passive subber og flytte forsterker og strømforsyningsdel i en egen kasse. Da får vi utnytte volumet i kassene og det er også mulig å plassere denne forsterkeren en annen plass. For eksempel ved siden av sofa. Da kan man enkelt justere volum, delefrekvens, phase osv fra lytteplass. Da blir det mye enklere å sette opp anlegget og eventuelt korrigere slik man vil når man bytter fra film til musikk osv. Har også en liten plan om å finne et punkt på strømforsyningskortet til å ta ut spenning til å drive en lys-diode som kan lyse i front på denne forsterkerkassen. Dette må forskes mer på!
 

Tandstad

Medlem
21 Feb 2005
3.975
1
36
www.home.no
Artig at du også registrerte deg her inne Stein-Ove :) Ikkje kvar dag det ankjem ein "guitar-hero" på forumet her!

Må også nevnast at det kjem til å bli muligheiter for å utvide til fire xxls'ar på forsterkarboksen. Hadde vore artig å prøve dette ein gong, men er absolutt ikkje første pri. Det trykker eigentleg rikeleg bra frå to stk., så ein equalizer for å kalibrere bassen stend høgare pdd.
 

Tandstad

Medlem
21 Feb 2005
3.975
1
36
www.home.no
Lamellkjeks er heilt genialt, men forutsett då at ein he ein lamellfres. Lettare enn tappar(bedre også, då tappar ikkje utvidar seg slik lamella gjer), og mykje mindre etterarbeid enn skruar. Og ikkje minst held det bedre enn kun lim.
 

BGuarden

Medlem
25 Feb 2006
22.766
1
0
45
Veldig intressant det delefilteret på subben.
Kobla pre'en direkte på den og la delefrekvens på 80 og inn på effekten..
Funker som f:)
 

Tandstad

Medlem
21 Feb 2005
3.975
1
36
www.home.no
BGuarden: Hmm, dette har eg aldri prøvd sjølv, men tek deg på ordet om du seier det er rått :) Forsterkaren er iallfall rå, mangler ikkje på krefter i den!

Så kjem også her dagens lille oppdatering.

Ikkje subbane som var første pri idag, men fått gjort litt her også. Mellom anna nedpussing av kassene, som gjorde at eg no kan lime på front- og bakbaflane. Bakbaflane er blitt klargjorte med terminalhol, og eg og Stein Ove fekk frest ut frontbaffelen. Fredag var vi ein tur til Stranda, og kika litt på diverse trevirke. Planen er no å lime 9mm finèr utanpå frontbaflane på heile frontrekka(senterkanal, to subbar, og dei fronthøgtalarane eg seinare skal bygge), der denne frontplata skal få ein kirsebærfinish, og resten av kassa blir mest truleg svartlakka.

Ingen bilder idag dessverre. Takker også her til Stein Ove og pappa for hjelpa iløpet av helga :)
 

Tandstad

Medlem
21 Feb 2005
3.975
1
36
www.home.no
Litt nye bilder idag igjen. He no stått nokre timar ute i friskluft og pussa som ein gal, sidan eksenter-slipemaskina frå biltema gjekk til :( He no fått grovpussa(80-papir) kassene ned til eit kurrant resultat. Så skal eg putte lim i nokre små sprekker som er i plateskøytane. Brukte vel ein 3-timers tid på å pusse ned dei to kassene for hand! også desse kassene skal rundast hjørna på, men vil få på frontplata(den med struktur i) før eg gjer dette.

Tok med meg kassene på jobb då front- og bakbaffel skulle monterast. Der he vi presse som går an å bruke.


Lamellkjeksa på plass


Eine kassa på plass i pressa. Fekk dessverre kun plass til den eine(hadde planar om å ta begge i ein gong), men hadde akkurat nok tvinger heime til å få satt den andre også i press.


Kasser ferdigpussa. Ei 0,5 liters flaske ved sidan av for å illustrere størrelsen på kassene.


Plant og fint her ja! men det tok sin del med jobbing...


Innsida av kassa, ferdig tetta med acryl-tetning frå biltema.


Måtte teste korleis resultatet kjem til å bli, med fot og spikes på.



Blir vel grunning til helga og utover påska regnar eg med. Blir uansett ikkje lakkering før etter påske, så eg skal ta meg god tid med grunninga.
 

Scrooge

Medlem
13 Feb 2006
16.436
0
0
Dette ser jo svært så fornøyelig og bra ut!
Ta deg god tid med grunninga! Jo bedre underlaget er, jo bedre blir resultatet til slutt!
 

Lil-H

Medlem
10 Jul 2004
3.689
0
0
Heftig pornografiske de messingspikes'a =D

Har du tenkt på dempemateriale forresten? Jeg benytter 2.5cm rockwool i min - det funker fett =]

(skumleste tråden akkurat, så sorry hvis du har sagt noe ang demping..)
 

Tandstad

Medlem
21 Feb 2005
3.975
1
36
www.home.no
Takker så mykje til begge to :D

Planlegger å grunne med vanleg grunning no først, for å sjå kor eg må sparkle igjn. Så seinare igjen bruker eg 3-4 lag slipegrunning, før eg lakkerer.

He kjøpt noko høgtalerdempestoff i vatt på biltema, hadde planar om å bruke dette, men lurte på å bruke rockwool på veggane. Er ikkje heilt sikker enda. Ja spikes'a er rimelig heftige, dei er også biltema :)
 

Lil-H

Medlem
10 Jul 2004
3.689
0
0
Hmm. om jeg husker rett er det slik at man _ikke_ skal dempe topplokket. Mulig det er noen andre som komme med mere informasjon ;)
 

Tandstad

Medlem
21 Feb 2005
3.975
1
36
www.home.no
Det er godt mogleg. Ikkje høyrt noko om topplokket, men meiner eg he lest at frontbaffelen iallfall ikkje skal dempast(?).
 

Scrooge

Medlem
13 Feb 2006
16.436
0
0
Selve baffelen skal ikke dempes, ellers er det nesten fritt fram.
Btw; demping som sådan er visst ikke alle enige i?
Har i alle fall en M&K760 her, og den har ingen innvendig demping i det hele tatt! Men spiller meget bra for det.
I mine to DIY-prosjekter har jeg imidlertid benyttet meg av Akustilux som demping, uten dermed å si at dette er optimalt.
Men de låter jo greit nok, begge to! :)
 

freddie

Medlem
20 Feb 2006
8.887
0
0
Har selv brukt Biltema dempestoff (det hvite) i mine SB12 lignende kasser. La da ett lag rundt bunn, sider og topp. Frontplate med element og bakplate med forsterker er ikke dempet, men i dine passive kan du sikkert godt ta bakveggen også.
 

freddie

Medlem
20 Feb 2006
8.887
0
0
Jeg synes det fungerer bra, men må innrømme at smådetaljer og nyanser i subområdet ikke er lett for meg å skille... Tror ikke jeg hadde merket store forskjellen med litt mer eller litt mindre fyll for å si det slik. Noen andre mener de hører store forskjeller på overdempet og underdempet sub...
 

Tandstad

Medlem
21 Feb 2005
3.975
1
36
www.home.no
Høyrest bra ut, he blitt nok av småkostnader på uforutsette ting som må kjøpast inn, så flott om eg slepp å kjøpe meir no :) Kjøpte meg berre ein pakke, men regner med det skal halde til to subbar, men er uansett ikkje noko krise om eg ikkje får dempa nok, er jo berre eit par skruar unna om eg må putte i meir.

Flott du kom med erfaringene dine ang. dette produktet iallfall! Kjekt å sjå at folk følger med på byggeprosessen.
 

Tandstad

Medlem
21 Feb 2005
3.975
1
36
www.home.no
Ingen bilder idag, men fekk då gjort litt på kassene idag også. Idag var det kun sparkling som stod på planen, så no er dei verste sprekkene tetta att.
 

Tandstad

Medlem
21 Feb 2005
3.975
1
36
www.home.no
Ser at det er ei stund sidan eg oppdaterte her, men sidan sist har eg altså putta ei tjukk(9mm) finèrplate på fronten, og idag vart denne lakka med mahogny :D Skal bruke samme type plate og lakk på apex III slik at dei stend i stil der framme, ser bra ut til no, men tenker det blir tre lag med mahogny-lakk på frontbaffelen, før resten av kassene blir beisa i svart på fredag.