Hei!

Eg fekk ein Tandberg TA 300 av min onkel. Den hadde eit par inntørka lytter som eg bytta ut for ei stund sidan, men sidan eg er ein total nybegynner på området så rauk det eit par transistorar då eg slo den på etterpå (tenkte å berre teste den før eg kobla dei til kjølefinna - dette var ein av fleire tabbar). Uansett - etter å ha testa alle transistorane og bytta ut dei som rauk har eg no lyd i forsterkaren igjen. Dette er jo aldeles glimrande, men det er ein del forskjell i lyden som kjem ut igjennom høgtalarane (både i høgtalarar og i headset). I venstre kanal er lyden kanskje 2 dB lavare enn i høgre, og det høyres ut som den rullar av ganske forsiktig frå og med 3-4 kHz og oppover. Det er også mindre bass på lyden som kjem igjennom. Dette har eg testa med både rosa støy, og musikk. Dybdefølelsen er der likevel, og eg har på følelsen at dette kjem til å bli ein glimrande forsterkar å lytte igjennom når eg får ordna siste rest no.

Skjemaet finn ein her: http://sportsbil.com/tandberg/ta-300m-s.pdf

Eg tok fram multimeteret og gjorde målingar på alle motstandane i utgangstrinnet i går. Dette fann eg:

R501: 47 V
R502: 49,2 V
R503: 0,6 V
R504: 13,7 V
R505: 2,5 mV
R506: 2,7 mV
R509: 0,6 V
R510: 15 V
R511: 2,5 mV
R512: 2,4 mV
R513: 43 V
R514: 43 V
R515: 43 V
R516: 42,9 V
R517: 30 V
R518: 30,2 V
R521: 29,5 V
R522: 29,7 V
R523: 29,5 V
R524: 29,7 V
R525: 2,6 mV
R526: 2,6 mV
R527: 2,5 mV
R528: 2,5 mV
R529: 30,7 V
R530: 31,2 V
R531: 30,4 V
R532: 30,6 V
R533: 30,5 V
R534: 30,7 V
R535: 28,9 V
R536: 29,1 V
R537: 3,1 mV
R538: 4,1 mV
R539: 29,5 V
R540: 29,7 V
R541: 30,7 V (denne er merka som R515 på side 17 i servicemanualen, men som R541 på printkortet)
R542: 31,2 V (denne er merka som R516 på printkortet og i servicemanualen, men det er ein annan R516 rett under C516, rart!)
R543: 30,7 V
R544: 30,8 V
R545: 30,7 V
R546: 30,9 V
R547: 30,1 V
R548: 30,3 V
R549: 30,7 V
R550: 30,9 V
R551: 30,7 V
R552: 30,8 V
R553: 3mV
R554: 4mV
R555: 3mV
R556: 4mV
R557: 59,5 V
R558: 59,3 V
R559: 3,1 mV
R560: 3,5 mV
R561: 2,8 mV
R562: 3,8 mV

Det meste ser jo ut til å vere ganske likt mellom venstre og høgre kanal, bortsett frå R503 og R504, og R509 og R510. Kan forskjellen i lyden mellom kanalane ha noko med dette å gjere? Betyr det at motstandane har gått heden eller er det ein transistor, eller eventuelt ein kondensator som har gjer dette? Eller noko anna? Eg er litt blank her, så eg tenkte å høyre om råd. Eg tenker at eg må lodde ut desse motstandane og måle motstanden i dei, men dersom de har nokre andre idéar så tar eg gjerne imot råd.

Takk for at du las!