Ja, då er eg nok ein gong ute etter brukererfaringer frå nokre produkt. Per idag sitt eg med eit oppsett som består av(av dei komponentane som er nødvendig å nevne i denne tråden) Panasonic dvd s97 dvd-spelar, og Hitachi pj tx-200 projektor. Er eigentleg veldig godt fornøgd med dette oppsettet, men det fristar alltid å prøve noko litt bedre. Derfor har eg tråla rundt på bruktmarkedet, og fått ein god pris på ein Pioneer DV-668av spelar. Men;

-Nokon nevner at denne har litt problem med hdmi. I mitt oppsett bruker eg 15 meter hdmi-kabel, så ein svak hdmi er ikkje optimalt.

-Er forskjellen mellom desse to spelarane verdt ei oppgradering? Spelaren blir også brukt som cd-spelar i mitt oppsett, så dette må også takast med i betraktninga.

-Andre ting som er verdt å vite?