He akkurat flytta, og i den anledning he eg fått plass til ein liten lcd mellom vindu og senterhøgtaler(som ligg på rack). Så no kikar eg etter ein liten(fortrinnsvis 26", men kan også vere interessert i 23") som skal brukast til følgande:
Mediacenter(musikkavspeling, seriar)
Satelitt-tv
Dvd-avspeling av filmar som ikkje eg fyrer opp kanona for

Sitt no og kikar innpå dinpris.no, og finn fleire interessante. Ønskeleg med scart, komponent og enten hdmi eller dvi. Design bør vere litt stilreint.

Den tven eg hadde kjøpt om eg skulle kjøpe idag, er samsung LE-26R51B eller samsung LE-26M51. Desse ligg ganske likt i pris, er ikkje sikker på kva forskjellen er. Det er lurer på da er, om oppgitt høgde er inkludert fot?

Edit: AH steike, LG sin 26LX1R var jo berre lekker! Klarer denne å hamle opp med samsung'ane?