Har funne ut at det er på tide å byte ut min Hitachi 37" LCD (kjøpt 2008), ettersom me sit litt lengre vekke frå TVen i vår nye stove. Har prøvd å lese meg litt opp på forumet, og skjønar at ST50 er gode greier. Dessverre har eg fått grei beskjed om at 50" blir for stort, og sjølv tykkjer eg 42" er for lite. Stova er lys, men me ser kun TV om kvelden, så ser ikkje for meg at plasma skulle vera noko problem.

TVen vil primært bli brukt til avspeling av film. Plasma virkar å vera det rette valet for meg, men det er lite å velje mellom rundt 46".

Viktige punkt for meg:
- smooth panorering. Ser ein del naturdokumentarar på blu-ray (Planet Earth o.l.), og der klarar ikkje Hitachien å henge med.
- Smart TV/DLNA-støtte.
- Innebygd wi-fi.
- OK sortnivå.
- Kjapp og responsiv i navigering.

Viktig punkt for dama:
- Slank og fin å sjå på.

Uviktig:
- Lydkvalitet.
- 3D. Denne funksjonen vil ikkje bli brukt pga synsproblem.

Vurderer desse:
Panasonic 47" 3D LED TV TX-L47ET5Y
Philips 46PFL5007T/12
Philips 46PFL5507T (kun 6990,- hos Komplett for Canal Digital-kunder)

Ser at det konstant er store avslag (ofte 25%)på Samsung sine LED-TVar hos Komplett og MPX, men har forstått det slik at sortnivået på desse er ille. Gjelder det kun dei billegaste modellane, eller er 6000-serien OK?

Ser ein får 46" Panasonic GT30 til 6k hos netonnet. Kan LED-tvane frå 2012 måle seg med denne i biletekvalitet? Den er ikkje omtalt som smart TV hos netonnet. Er brukargrensesnittet veldig utdatert?