Fenomenet er jo nemnt i nokre trådar allereie, men...

Vi prøver no ein Sony KDL-40EX700. Vi liker tv-en, men han er plaga av clouding. Sjå eit naturprogram, så er det alltid grå flekker på snøen eller antydning til skyer på den elles blå himmelen.

Det finst ein KDL-40HX700 som visstnok ikkje skal vere plaga med clouding (om ein skal stole på den testen eg las, hugsar ikkje kvar). Men den modellen har glasfront.

Korleis er det med refleksar på slike tv-ar? (Særleg Sony, om nokon har erfaringar.) Her i stova vår kan ein lett trekkje for gardinene for å unngå direkte sollys på skjermen, så det er ikkje noko problem. Men vi slår ikkje av alt lys for å sjå på tv. Slikt overlèt vi til kinosalen. Vil vi risikere å få ein ny spegel i heimen?