Hei,

Eg har planar om å kjøpa ny mottakar til foreldrene mine til jul. Dei har folkepakka til Viasat.

Grunnen til at eg vurderar dette er tredelt. For det første er den Sagem-mottakaren dei har no heilt håplaus, går knapt an å skifta kanaler. For det andre kunne dei hatt bruk for ein opptakar. Og HDMI-utgang hadde òg vore greit å ha.

Spørsmålet er da, kva for mottakar skal ein gå for? Det er viktig at den er enkel å bruka. Helst PVR-funksjonalitet. Er Viasat sin eigen mottakar, ViasatPlusHD, noko å satsa på? Veit at ein måtte ha den dyraste programpakka for å kunna bruka den før, men dette ser ut til å ha endra seg? Det ser forresten ut som ein her betalar for fleire ting som ein ikkje treng, som eit filmarkiv og parabolantenne.

--
Tor