Hei

Eg har tre spørsmål som eg håper at nokon med meir erfaring kan hjelpe med.

Vurderer å kjøpe ein Vu+ Duo, men denne har ikkje loopthrough, og den dagen CD gjer alvor av trugsmålet om fullparing, har vi eit problem. Men så lurer eg på: Dersom eg i ein slik situasjon får tak i ein godkjend og para CAM for IDTV, vil denne fungere i Vu+?

Eg har CD-familiepakke men ikkje HD-mottakar. Per i dag har eg eit kort der pakkane Nordic 4, 8010 og 8011 er oppdaterte ut juli, august og august. Er det noko av dette som tyder på at kortet mitt allereie taklar HD-kanalar? Kortnummer startar på 01127. Eg har i utgangspunktet lite lyst til å skaffe meg HD-mottakar frå CD for å få tilgang til HD på CD. Som trufast kunde må ein jo betale langt meir enn 1 krone for slikt.

Dersom CAM for TV-apparat fungerer i Vu+, så er det kanskje verre å få eitt kort til å fungere på to tunerar til same tid?

Eg trur eg hadde eit fjerde spørsmål også, men eg kan ikkje kome på det... Kan jo spørje om nokon har høyrt rykte i det siste om fullparing. Det har jo vore snakk om det i fleire år.