Fryktar eg har kjøpt katten i sekken, og søker desperat råd frå erfarne hi-fi entusiastar. For 1 år sidan kjøpte eg eit Panasonic SC-HT 885 surroundanlegg, som spelar heilt ok i mine øyrer.

Problemet med anlegget er at det ikkje har andre lydutgangar/inngangar enn dei vanlege analoge i stereo. I tillegg er dvd kopla til sub med ein såkalla systemkabel, som eg tippar Panasonic er åleine om å bruka.

Det betyr at det blir surround berre når eg spelar DVD. Har ein Dreambox 7000s som eg berre får stereo på. Har lyst til å kjøpa ein Toshiba HD DVD, men får litt mindre lyst når eg ikkje får skikkeleg lyd (berre stereo)

Spørsmålet er om det finst ein måte å gå rundt dette på. Kan ein td. kopla frå HDMI på ein Toshibia HD DVD til denne systemkabelen?

Eller: Lyt eg rett og slett konstatera at eg har gjort eit bomkjøp, og setja anlegget på eit barnerom og kjøpa heilt nytt? Ber om råd.