Har nettopp kjøpt meg desse hovudtelefonane, og synest lyden er topp. Dessverre har eg litt trøbbel med dei likevel. Lyden høyrest ein tanke skurrete ut så snart det blir ein del bass. Kjem dette av mangelfull straumtilføring? Eg koplar settet rett i lydkortet eller i kontakten i volumkontrollen til høgtalarane mine. Sidan dette er 80 ohms-varianten, tenkte eg at dette ikkje var så viktig, men nå er eg usikker. Dersom eg treng ein forsterkar, kva for ein anbefaler de? Helst ikkje dyrare enn nødvendig for å kunne utnytte settet mitt skikkeleg.

All hjelp blir motteken med takk!