Må berre informera om at eg har under middels peiling på dette med lyd og slikt, så eg treng litt tips til ny lydinstallasjon i garasjen:
Kort fortalt veggmontert internettradio, telefon-dock, 4 stk takhøgtalarar og ein veggsubb, styrt av ein Elko Sound Stream.

Heilt spesifikt:
Planen er å fella inn i taket 4stk av følgande høgtalarar: http://fnky-audio.no/hoyttaler/innfe...fic-482-whc482
I tillegg skal det ein sub i ein vegg, denne typen: http://fnky-audio.no/hoyttaler/innfe...-audio-fsiw-82
Sidan det går mest i radio i garasjen var det tanken å montera denne i veggen: http://www.led-spot.no/products/plus...veggmodul-sort
I tillegg ein USB dock for telefon/nettbrett for spotify etc.

Eg har plass til frittståande forsterkar, og var heller ikkje så sugen på den elko leverer i sitt kit.
Men Elko Sound Stream styrer jo forsterkaren via 2stk cat 5 kablar, og ikkje RCA-kabel som eg hugsar frå storhetstida mi

Så spørsmålet mitt blir;
Fins ein egna forsterkar som kan brukast her?
Er eg kanskje heilt på villspor med heile opplegget, kanskje komplett løysing frå Elko er det beste?

Det skal ikkje vera diskotek i garasjen, men det er jo ok å ha mulighet til å blesa på dersom behovet skulle melda seg...

Takkar for eventuell bistand

Anders