Smart og elkjøp pushar denne modellen i desse dagar til 7000. Nokre som har erfaringar? Trur det er eit gammalt apparat, og har sett det prisa til 13 - 14000 i nokre eldre testar. Har eigentleg tenkt å legge rundt 10 000 i eit apparat, men sunnmøringen i meg vil gjerne handle billegare. Er ikkje bekymra for lyden, skal kombinere det med eit anlegg som eg ikkje har funne fram til enno...

Debuterer på heimekinomarknaden. Kjekt om eg kan få litt hjelp frå dei mange kunnskapsrike medlemmene her i forumet. Er i utgangspunktet skeptisk til Smart Club på brunevarer... men dei har gode brød :?: