Heisann folkens..

Eg har lyst å kjøpe meg ny tv-benk til leiligheta, helst mørk farge.
Tingen er at eg har bestilt nytt tv (Samsung 46" A8-serien).. Pr dags dato har eg Marantz SR7001, DV7001 og 5.1 surround.

Sann har eg det no: Heimelaga TVbenk av Leca med 4 store rom (2x2). Senteren står i i hylla oppe til venstre, forsterkaren til høgre for den, og DVDen rett under forsterkaren (den står på gulvet). TV på toppen.

Er det noken der ute som har andre tips til korleis eg kan ha det? Hadde vert fint med bilder om det er mulig, eller link!

Setter pris på all hjelp!
karad