Eg er på jakt etter ein PC eg kan ha i stova og kobla til projektor og den nye flatskjermen min(som enno ikkje er kjøpt, og som eg ikkje veit ke blir for ein...).

Den skal brukast til å streama NFL i HD-kvalitet(ihvertfall tilnærma), spela Football Manager, og sjå filmar og tv-seriar som er nedlasta, samt anna interweb-morro.

Burde eg gå for ein stasjonær eller ein bærbar? Fordeler kontra ulemper... Jo mindre støy han lagar, jo bedre er det... Lurte på den som vann Beste PC-tilbud november 2011 på Din Side:
Stasjonær pc: De beste PC-tilbudene november 2011 - DinSide Data
men den ser ikkje ut til å væra på Netonnet sine sider lenger.

Nokon med forslag til PC? Hadde sikkert vore ein fordel med to HDMI utgangar, men ikkje noko krav.