Noob-spm ahoy.

Har sjekka guiden, fann ikkje relevant info der. Og den offisielle tråden var noko lang og uoversiktleg.

Eg har just flytta inn i jobbhusvære med TV og får å få kveldane til å gå vil eg gjerne kople til min kjære Xbox ("Hi, I'm Nico. Nico Bellic"). Huset kom med ein gammal-gammal Tv med ein - 1 - SCART-inngang tilkopla Canal Digital-tuner. På tuneren er det to - 2- inngangar.

Så etter å ha rekna på 2 + 2 nokre gongar og kome til eit snitt på 4.6 tenkte eg å prøve å kople Xbox'en via tuneren i håp om å kunne _både_ sjå TV og spele Xbox utan å stupe ned bak TV'en for å kople om kvar gang.

Men same kor eg søker og søker så finn eg aldri signalet frå Xbox'en. Kva er det eg gjer feil?

Takksam for hjelpa!