Canal Digital parabol til Media Center

Sponsorer:
Takk Takk:  0
Like Like:  0
Viser resultater 1 til 2 av 2
  1. #1
    Newcomer
    Medlem siden
    Nov 2008
    Poster
    3
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    Canal Digital parabol til Media Center

    Hei!

    Eg vil prøva sjå og ta opp TV frå Canal Digital parabol v.h.a. Windows XP/Vista med Media Center.

    Kva for hardware treng eg? (Hauppauge? Digital Everwhere?) Kva er "best"?
    Vil TV kunna sjåast på andre PC-ar i lokalnettet via Windows Media Center?

    Helsing Magne Myrtveit

  2. #2
    Newcomer
    Medlem siden
    Nov 2008
    Poster
    3
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    Har funne nokre svar

    Eg kom i kontakt med ein ekspert på feltet, og vil dela nokre av opplysningane her.

    1) Hardware
    Eg kjøpte FireDTV frå Digital Everywhere og Conax CAM-model til å setja smartkortet frå Canal Digital inni, slik at krypterte kanalar kan sjåast.

    2) Programvare
    Vista Media Center er langt frå plug-and-play når det gjeld oppsett - spesielt ikkje viss du vil ha inn HD-kanalar. Eg vart oppmuntra av gode tips frå eksperten min, og gjekk i gang med installasjon og oppgradering av programvare. Etter ein del fram og tilbake, har eg no ei løysing som fungerer nesten tilfredstillande. Detaljane kjem litt lenger nede...

    3) Funksjonalitet
    Har berre testa dette med ein datamaskin så langt, ein Macbook Pro frå Apple. Visjonen er å etablera eit nettverk med extenders, diskplass for lagring av rippa DVD, musikk og TV-opptak, og ein VMC maskin med eit par tunarkort.

    Det var skuffande å oppdaga at ein vanleg PC ikkje kan vera extender. (Det er i praksis berre Xbox som fungerer som extender. Det kjem truleg TV på marknaden med innebygd extender-funksjonaitet). Det betyr at eg ikkje kan sjå TV på andre PC-ar i huset enn den som har TV tuner installert. Dårleg av Microsoft at dei ikkje har laga ei software-løysing som kan la ein PC ta rolla som extender.

    4) Installasjon
    Her kjem eg til (den nokså avskrekkande) installasjonsprosessen.
    Målet for mitt mini-system (med ein maskin) var å setja opp ei løysing for å kunna sjå TV via Canal Digital sitt abonnement i Vista Media Center (VMC).

    Dei fysiske koplingane er desse:
    parabol -> antenneledning -> FireDTV tunerboks med CAM-modul og Canal Digital smartkort -> firewireledning -> PC

    Softwaren som er involvert er denne:
    Firmware på FireDTV-tunaren (frå Digital Everywhere)
    Drivar for FireDTV saman med VMC (frå Digital Everywhere)
    Vista Media Center (følgjer med Vista Ultimate)
    Tv Pack 2008 (henta ned frå nettet)
    Vista Ultimate med Service Pack 1

    Stega eg brukte for å installera:
    • Køyrde Windows Update for å forsikra meg om at Vista og SP 1 var heilt oppdatert.

    • Fann Tv Pack 2008 på nettet og installerte den. Installerte også dei to patch-ane som låg i katalogen.

    • Fann hack for H.264 (HD TV) ved å søkja etter MSDTVVDEC.DLL under The Green Button.
      • Starta kommandovindauga som administrator.

      • Endra katalog til: c:/windows/system32

      • Køyrde kommandoen: regsvr32 -u MSDTVVDEC.DLL

      • Tok eigarskap over den originale MSDTVVDEC.DLL

      • Endra namnet til MSDTVVDEC_BAK.DLL

      • Kopierte inn den hacka MSDTVVDEC.DLL.

      • Køyrde kommandoen: regsvr32 MSDTVVDEC.DLL

    • Lasta ned og installerte firmware-oppgradering for FireDTD-tunaren. Oppgraderinga fann eg på digital everywhere.

    • Lasta ned drivaren for FireDTV frå Digital Everywhere. Eg prøvde meg først med BETA-versjonen, men med den fekk eg stadig blåskjerm (memory-dump) på maskinen min. Eg enda difor opp med den siste offisielle drivaren, som er versjon 4.5.N. Denne støttar ikkje HD-kanalar, har eg late meg fortelja.

    • Fekk tak i SAT_Thor.reg, oppdatert med korrekte frekvensar og kanalar for satelitten Thor.

    • Før eg køyrde installasjonen av FireDTV drivaren, erstatta eg Transponder/SAT/SAT_Thor.reg med den oppdaterte fila som er nemnt ovanfor.

    • Køyrde setup.exe for FireDTV drivaren (med oppdatert SAT_Thor.reg).

    • Då eg kom til Setup options, valde eg drivar for Windows Media Center 2005 and Vista.

    • Då eg kom til val av Transponder, valde eg [B]Thor/B].

    • Til sist starta eg VMC og køyrde TV-konfigurasjon. Søkte fram kanalar under TV signal. Redigerte kanal-lista under TV guide.

    Resultatet er at eg no kan sjå Canal Digital og Public Broadcasting gjennom VMC. Eg har ikkje fått inn HD-kanalar, truleg sidan BETA-versjonen av FireDTV ikkje fungerer på min Macbook Pro. Eg har og problem med at kanalar dett ut og vert viste som "encrypted". Dette let seg fiksa med å starta FireDTV viewer, sjå på ein kryptert kanal der, og så gå tilbake til VMC. (Ikkje noko god løysing, men der står eg altså p.t.)

    No lyt eg gå i tenkjeboksen, og grunna på om dette er eit opplegg som eg kan byggja vidare på. Er det stabilt (nok)? Har det "framtida" for seg, eller vil Canal Digital sperra denne måten å gjera ting på om eitt år eller to? Vil Astrid, kona mi, lika det...?

Stikkord for denne tråden

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere meldingene dine
  •