Hei.

Har tenkt på å endeleg investera i eit 5.1 anlegg. Som student er ikkje lommeboka altfor tjukk, så pristaket er på 2-3000 kr. Har sitt på Logitech Z-5500 og det ser veldig interessant ut. Problemet er at det ikkje har trådløse bakhøgtalarar, noko eg må ha. Difor lurar eg på om nokon veit om eit anna anlegg tilsvarande som har det?
Har sett eit Sony heimekinoanlegg som blir mykje anbefalt, men der er problemet at bakhøgtalarane er for store
Veit at Logitech tidligare hadde ein modell som heitte Z-5450, men den finne eg ikkje i sal lenger nokon plass.

Anlegget skal primært brukast til musikk, film og spel frå både PC og PS3. Rommet eg skal ha det i er lite, type 13 kvm.

Difor spør eg då dykk om hjelp til eit tilsvarande som Z-5500 med trådløse bakhøgtalarar. Nokre tips ? Er svært interessert om nokon har eit Z-5450 anlegg dei vil selga, evt. veit kvar eg kan få kjøpt nytt !


Edit:

Eller er det nokre fine små dingsar som kan senda lyd frå heimekinoen til høgtalarane bak ?