Hei!

Er ny på AV-forum og håper at meir runtinerte personar kan hjelpe meg med å få best utnyttelse av anlegget mitt.

Etter å ha kome over en Yamaha YST-SW1500 til en slikk og ingenting har eg bestemt meg for å forandre litt på oppsettet til anlegget mitt

Slik det står no har eg en CAV av-2086 som surroundforsterker, to*Dynavoice m-65 i front, to*JBL TLX8(frå 80-90-talet ein gong, 10 tommer element), og en Infinity 100 MK II center. (pluss to Cerwin Vega E712(fungerar som subbar))

Sidan av-2086 har to passive sub-utgangar, har mine gamle CV E712 fungert som subwooferar. Sidan desse sub-utgangane nok har alt for lite effekt til dette, har en subwoofer blitt meir aktuelt. Saman med desse CV'ane blei det også kjøpt en NAD C370 for nokon år sidan, denne plukka eg no fram igjen og brukar som (effektforsterkar?) ved å la lyden fra FR og FL gå til NAD'en og vidare til M65'ane..

Når eg no går til innkjøp av ein ny sub, kan eg kanskje sette dette opp på ein betre måte, med betre bruk av dei to passive sub-utgangane. Det er då eg lurer på, kva skal eg gjere med Cerwin Vega'ane?

Eg har kome fram til div. alternativ:

1: Bruke CV'ane som frontar og la CAV'en kontrollere desse ved å bi'ampe frontane med dei passive sub-utgangane. Og då bruke M65'ane som bakhøgttalarar ved å la C370'en styre lyden ved å koble SR og SL vidare frå CAV'en og til NAD'en. Dette sidan surround-kanalane har liten effekt. Veit ikkje om dette går ann i praksis, difor henvender eg meg hit.(evt bruke CV'ane som bak og M65 i front)

2. La anlegget stå som det er no, men koble CV'ane til som et ekstra par fronthøgttalarar (A og B utgang på NAD'en) eller evt. koble eine paret til CAV'en og bi-ampe det. Då kan eg enkelt skifte mellom dei ulike høgttalarane til ulike anledningar, eller berre bruke alle 4.

3. Kjøpe to nye bakhøgttalarar( Dynavoice Challenger S-5) og bruke JBL'ane som subbar frå dei passive utgangane og koble CV'ane og M65'en som i alt 2.



Uansett, det eg lurer på er om det i det heile tatt går ann å koble slik eg har skissert ovanfor? Og vil det med to passive subbar og ein aktiv blir for mykje rot? Går det i det heile tatt ann å "forsterke" signalet til bakhøgttalarane slik eg skreiv i alt 1.?

Med tida vil nok et par matchande bakhøgttalarar og center(dynavoice-serien) bli kjøpt, og CAV'en vil nok bli bytta ut med ein nyare og kraftigare surround-forsterkar. CV'ane vil nok bli vurdert solgt saman med C370'en når den tid kjem, men inntil vidare hadde d vore gøy å prøve litt forskjellig oppsett...sjølv om høgttalarane nok ikkje mathar so godt lydmessig.. Anlegget blir i dag brukt til både musikk og film, men vil nok allermest bli brukt som heimekino. Alle forslag til best bruk av utsyret mitt takast i mot med takk

Beklagar lang tråd, men mange tankar og alternativ krever sin plass..

helsing Rookie