Endå ein som treng hjelp til kjøptips

Sponsorer:
Takk Takk:  0
Like Like:  0
Viser resultater 1 til 4 av 4
  1. #1
    Newcomer
    Medlem siden
    Nov 2007
    Poster
    16
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    Smile Endå ein som treng hjelp til kjøptips

    Må be om orsak for å starte ein heilt ny tråd, men eg tykkjer det er vanskeleg å leggje den inn i nokre av dei (hundre) andre. Preferansane og krava er ikkje dei same, og i tillegg så kan eg tenkje meg at folk som har besøkt ein tråd og ikkje lest noko av interesse, ikkje besøker den att. Og då får ikkje eg hjelpa eg så sårt treng

    Her er det eg har å jobbe med: Eit rom på 4,5 x 5,0 m. Sofaen er heilt inntil veggen, så eg kjem nok til å sitje cirka 4 meter frå høgtalarane. Vanleg takhøgde.

    Til no så har eg kun nytta meg av tv-høgtalarane, så då er det kun film som har vore aktuelt. Når då cd-"anlegget" (berre eit puslete minianlegg) mitt har byrja å streike på sine gamle dagar vil eg investere i skikkelege høgtalarar som kan nyttast både til musikk og film. For øvrig kjem eg til å nytte denne som DVD-/CD-spelar. Oppo DV-980H (for dei som ikkje likar å opne lenkjer).

    Det eg då treng er eit par høgtalarar, som helst kan nyttast i eit surroundsystem ved ein seinare anledning, og ein receiver.

    Men eg vil, nesten pinleg sjølvsagt, ha det så billig som mogleg, og eg kan gjerne kjøpe brukt. Tykte at 1000 kronersprosjektet til hibtone på Vintage audio-forumet var særs interessant i så måte. Eg er ikkje ein high end-entusiast (ein high end-entusiast til under 1000-lappen kanskje..), men eg vil ha skikkeleg lyd. Ikkje forvrengt Elkjøp-lyd.

    Er det nokon som trur dei har svaret på alle mine billige audiodraumar? Eg har diverre ikkje mykje peiling på dette.

  2. #2
    Intermediate cowboy bebop sin avatar
    Medlem siden
    Jun 2005
    Poster
    1,427
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Sitat Opprinnelig postet av rlidal

    Sjølvsagt kan vi være til assistanse. Skal du ha noko av kvalitet så vert du nok naudt til å sjå mot svenskane. Dei leverar blandt anna XTZ som visstnok kjem godt ut or det i diverse testar. Surround.no - Høyttaler spesialisten er ein veg i rett retning for deg vil eg tru. Også hificenterkjeden sel ut ei mengd JBL ting no, det burde du sjekke ut.

    Eg ser du skriv at du gjerne vil byggje ut til surround seinare, og ettersom du har eit svært så begrensa budsjett, så vil eg anbefale deg å kjøpe eit par brukte Klipsch stativhøgtalarar. Det burde du klare å få tak i til ein brukbar penge der ute. (då du moglegens må ut med meir enn 1000kr). Forsterkar derimot er ikkje så lett. Du bør tråle marknaden her på forumet etter billige stereoforsterkarar. Også Hifisentralen og www,finn.no kan være til nytte. Du bør også sjå gjennom tråden "gode brukt-kjøp" (eg gidd ikkje finne lenka hjå deg, så du får bruke søkefunksjonen)

    Dette er ivertfall eit dytt i riktig rettning vil eg tru.

  3. #3
    Newcomer
    Medlem siden
    Nov 2007
    Poster
    16
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    Smile

    Sitat Opprinnelig postet av cowboy bebop

    Takk. Ein fin dytt det, ja. Skal kikke gjennom "gode bruktkjøp"-tråden.

    Budsjettet kan nok strekkjast litt, men det er inga hemmelegheit at eg vil ha det billigast mogleg. Saka er at eg ikkje er nokon verkeleg audioentusiast, men film- og musikkentusiast, og eg er veldig nazi på å ha ting skikkeleg. Derfor kan eg òg gjerne kjøpe fint brukte høgtalarar. Likar òg godt tanken på gjenbruk, og ikkje berre kjøpe nytt heile tida. Og dette er berre byrjinga i ei verd eg verkeleg har lite peiling på, så eg treng litt guiding.

  4. #4
    Intermediate cowboy bebop sin avatar
    Medlem siden
    Jun 2005
    Poster
    1,427
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Sitat Opprinnelig postet av rlidal
    Takk. Ein fin dytt det, ja. Skal kikke gjennom "gode bruktkjøp"-tråden.

    Budsjettet kan nok strekkjast litt, men det er inga hemmelegheit at eg vil ha det billigast mogleg. Saka er at eg ikkje er nokon verkeleg audioentusiast, men film- og musikkentusiast, og eg er veldig nazi på å ha ting skikkeleg. Derfor kan eg òg gjerne kjøpe fint brukte høgtalarar. Likar òg godt tanken på gjenbruk, og ikkje berre kjøpe nytt heile tida. Og dette er berre byrjinga i ei verd eg verkeleg har lite peiling på, så eg treng litt guiding.
    Du kan også sjå deg om etter PSB sine høgtalarar på bruktmarknader, dei er svært gode til film, og krev moglegens ikkje så altfor mykje ut or forsterkaren din. Det beste er sjølvsagt at desse går for ein slikk og ingenting på feks finn.
    Gamle Dalihøgtalarar er også gode filmhøgtalarar. Der får ein også mykje for pengane. Sjå etter 5005 eller liknande. Berre hugs at dei firesifra bemerkingane er nyare enn dei tresifra, altså 5005 er nyare (og moglegens betre?) enn 505.

Stikkord for denne tråden

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere meldingene dine
  •