noen som har PB12-NSD i hus??? ( mini test av pb12-NSD ) - Side 3

Sponsorer:
Takk Takk:  0
Like Like:  0
Side 3 av 3 FørsteFørste 1 2 3
Viser resultater 41 til 45 av 45
  1. #41
    Intermediate longbow sin avatar
    Medlem siden
    Mar 2006
    Poster
    956
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    mini test av pb12-NSD

    Sitat Opprinnelig postet av seeker-man
    Ja har du fått udyret ditt!?
    ja, nå er den kommet i hus, og eg har ein ting å si...... den er jævlig svær. Det var så vidt at den gikk inn døren ( når den var innpakket da ).

    mini test:

    DYPBASSENS FYRSTE:
    Det er forst at på film at denne "lille" subben våkner. Her spiller den med et voldsomt trykk, for ein subwofer i denne pris klassen, og det er ikkje det at den går ned i kjelleren og henter bassen, men den går enda lengre ned, og den spiller fortsatt med god kontroll.
    Det er som kjent at det er fra under 30-40 hz at disse subbene virkelig våkner til liv, oven for dette er dei ikje så inponerende, da kan ein SB12-Plus være bedre.
    Den spiller rått og brutalt til både film og musikk, og spiller min gamle Concept sub i senk, til både film og musikk.

    MUSIKK:
    her kan den til tider være litt "upresis", og romlete, men det har vel litt med plassering, og test materiale ( mest mp3, og det nye iron maiden albumet ). Men den spiller med veldig god fylde og god kontoll, og går som sagt tidligere veldig dypt.
    Den henger godt med i svingene, og følger tromme slagene greit, den henger ikkje etter, eller "sinker" musikken.

    KONKLUSJON:
    er du ute etter ein film sub..... kjøp.....viss du har plass til den.
    er du etter ein musikk subb.... kjøp da og, men kanskje vurder ein SB12-Plus, avhengig av musikk smak.

    Men den berømte risingen og slagene som alle andre SVS eiere snakker sånn om, den får ikkje eg.Min gamle concept sub klarte omtrent det samme men hensyn til risting og slag, men det trur eg er ganske selv skyldt, da det verken har beste plassering eller kalibrering.

    Alt i alt er dette ein veldig god sub, som er robust, og er laget i ein materiale som ser ut til å tole litt juling.

    Det vil nok havne ein til nede i hjørne hos meg med tiden, bare for å sette prikken over i'en.

    Karakter:
    9+/10

  2. #42
    Intermediate longbow sin avatar
    Medlem siden
    Mar 2006
    Poster
    956
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    svs PB12-NSD

    dette er utklipt fra lsound sine sider, bare så det er sagt. Men det var så bra at eg ikkje klarte å lavære.
    Siden eg har denne suben selv, må eg vel si at eg er ganske så enig. ( eg får panelen som henger på veggen til å dirre, når den spiller på det "værste" )



    SVS er heilt tydeleg saker som verkeleg sprenger ein del prisgenser innan heimekino. Spesielt subben imponerte stort. Alt han fekk servert, vart levert med stor sinnsro, men også med overtyding, ekstrem presisjon og detaljrikdom. Og eg vart meir og meir imponert. Subben kunne jau ALT! Frykteleg dynamikk frå filmar som t.d. Pearl Harbour vart attgjeve akkurat så imponerande som eg våga håpe på. Men endå meir moro var det å spele musikk i fleirkanal. Så då eg gjorde rokade frå fleirkanal til stereo, var det med store forventingar. Men den einaste forsterkaren eg hadde tilgjengeleg, var utan pre out/main in. For utprøvinga sin del måtte anlegget fungere på eitt eller anna vis, så eg brukte nødløysinga som mange subwooferar har; å tappe signalet frå høgtalarutgangane til forsterkaren, for å sende det ut att minus bass til hovudhøgtalarane. Dette har eg ALDRI tidlegare fått til skikkeleg på ein tilfredsstillande måte, men SVS-delefilteret greidde jobben med så lite kvalitetstap på lyden at det knapt var å bry seg om. Denne subben er unik, både i fleksibilitet og rein lydkvalitet i form av frekvensomfang, dynamisk konstrastevne, og SPL totalt utan å miste ”fotfestet” og kontrollen.

    Eg prøvde å provosere han, men måtte gje opp. Korkje Kraftwerk, 1812-overtyre eller Yello fekk han til å gjere anna enn det han skulle.

    Det aller beste eg har hatt i hus av subbar, har vore baserte på servosystem. Den aller største sub Mirage har laga så vel som Infintiy sine største høgtalarmodellar frå midten av 90-talet gjorde djupe inntrykk nedover i det verkelege subområdet, der du fysisk kjenner meir enn du registrerer med øyrene kva som skjer. Desse har verkeleg sluggereigenskapar, men SVS har i tillegg fullstendig kontroll – ein av dei aller beste subbar eg nokonsinne har prøvd uansett pris. Vi snakkar då om ”best” på ein måte som tilseier at SVS-suben spelar korrekt, ikkje med brauten imponatoreffekt, skikkeleg hi-end-hifi. Og det er nesten kriminelt at L-sound har satt prisen til 6 500 kr for ein slik. Alle produsentar av subwooferar bør fylgje nøye med kva SVS driv med, for dette er ein ny standard.

    Etter kvart fekk eg så mykje tillit til subben at eg fekk lyst til å prøve han også i mitt mest påkosta hovudanlegg, som i utgangspunktet er eit rimeleg ambisiøst tokanalsanleggg. Dette var ei ganske mykje att og fram-oppgåve der delefrekvensen vart stilt så lågt som muleg, altså 40 Hz. Men då mine Eros høgtalarar frå InnerSound går langt under 30, synte dette seg å vere ei rimeleg unødvendig øving. Visst kom fundamentet lenger ned når eg spelte CD-ar med mykje informasjon nedimot det subsoniske, men eg gav fort opp finplasseringsarbeidet då det eigentleg var rimeleg unødvendig på 99% av musikken eg hadde anten i CD-spelaren eller på platespelaren. Om du derimot har normale høgtalarar som rullar av bassen ein stad mellom 30-50 Hz, trur eg det kan vere interessant med ein slik sub.


    her er linken til testen viss noen er intereser i å lese meir. audiophile.no

  3. #43
    Intermediate
    Medlem siden
    Feb 2007
    Poster
    1,229
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    He he. Morsom tekst.

  4. #44
    Expert kenti sin avatar
    Medlem siden
    Feb 2004
    Poster
    5,417
    Takk & like
    Blogginnlegg
    1
    Nevnt
    8 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Edit: Slo sammen innlegget (#42) som du startet en ny tråd med her tidligere i dag, Longbow, da du hadde denne tråden fra før av. Det er en brukererfaring, så da passer den bra inn her. Ikke vits med så alt for mange like tråder her inne



  5. #45
    Newcomer
    Medlem siden
    Aug 2006
    Poster
    133
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Har bestilt 2 av den nå jeg glede seg 2 12nsd på 20m2 bør buldre bra.

Side 3 av 3 FørsteFørste 1 2 3

Stikkord for denne tråden

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere meldingene dine
  •