Hei

har idag fått mitt LG HB954PB heimekinoanlegg.

Har vert inne på menyane og leika meg ulike instillingar og satt korrekte avstander på høgtalerane, m.m.

Har møtt på noken utfordringar som sikkert bare er bagatellsaker å få til, men trenger litt fagkompetanse.

Har utforska brukermanualen så godt som det lar seg gjøre, uten å finne noke godt svar der.

Systemet er satt opp på følgande måte:
-TV = Samsung 55" LED-TV UE55C6705
-Heimekinoanlegg = LG HB954PB 5.1
-Dekoder = Canal Digital
-Annet utstyr = PS3

Problemstilling 1: Heimekinoanlegg er kobla til TV via HDMI-OUT. Noke som skulle tilsei at lyd og bilde blir overført i samme kabel. Dette virker som normalt på avspilling av DVD/blu-ray. Men derimot får eg ikkje lyd på høgtaleranlegget når input på TV står til Dekoder (canal digital). Kva har eg oversett? Har prøvd å sette innstillingane på sjølve TVen til "ekstern lyd" istadenfor å bruke dei innebygde høgtalarane. Fekk ingen lyd, og prøvde derfor å toggle litt på input på sjølve basen til heimekinoanlegget (blu-ray spilleren), utan resultat. Noken som har noken tips og råd på korleis eg skal få høgtalerane til å vere aktive også når eg ser vanlige TV på min dekoder?

Problemstilling 2: Usikker på om dette faktisk er som det skal vere, men kan vere noken med erfaring på området som kan bekrefte/avkrefte. Har kobla min Ipod til ipod-docking på basestasjon (blu-ray spilleren). Avspilling og OSD-kobling fungerer glimrande. Men bakhøgtalerane fungerer ikkje under avspilling. Kun sub, center-høgtaler, og front høgtalerane som spiller lyd. Inne i audio-innstillingane på fjernkontrollen kjører eg lydtest, og det kjem lyd frå alle høgtalerane. Noken som kan bekrefte/avkrefte om det er støtte for 5.1 lyd på ipod? Er det noken innstillingar som må settast på enten ipod eller basestasjon via fjernkontroll?

På forhånd, takk til alle som tar seg tid til å hjelpe til med dette