Har per i dag følgjande tilknytta heimekinoen:

BenQ PE8720 projektor
Yamaha RX-V663 receiver
Samsung BDP1500 Blu-Ray
Altibox (TV, internett og telefon)

Altibox og Blu-Ray er kopla på dei to HDMI-inngongane på receiveren, som sender signala ut til projektoren gjennom HDMI-utgongen.

Eg har lyst til å setja opp eit veldig enkelt mediasenter. Det skal koplast på nettverket med kabel, og senda signala inn i receiveren. Mediasenteret skal brukast til avspeling av filmfiler og musikk (gjennom MediaPortal?).

Spørsmål:

-Kva er enklaste måten å setja opp sjølve mediasenterboksen på? Finst det ferdige løysingar med fjernkontroll som er rimelege og enkle i bruk?

-Begge HDMI-inngongane på receiveren er per i dag i bruk. Kva signal bør gå frå mediasenter til receiver? Viss HDMI, kan dette ordnast med ein form for switch, at Blu-Ray og Mediasenter går på same HDMI-inngong?

-Kan eg bruka mediasenteret til å gjera opptak frå Altibox? Korleis?

-Prisrammer?