Hovudkortet er tenkt montert i eit kabinett eg har med 350W PSU og skal koplast til ein 37" fullHD TV som står for lyd og bilete. Skikkelig lyd får komme etterkvart

PCen klare video i 1080p / Bluray, og eg tenkjer prøve HD kanalar frå parabol. Full størrelse ATX er eit must for å ha god plass til tunerkort osv. Elles har eg tenkt at integrert grafikk bør vere godt nok, så kan eg heller oppgradere seinare. Dermed har eg enda opp med hovudkort for AMD CPU, sidan desse har klart best utvalg med integrert grafikk!

Det eg er mest i tvil om er i grunnen valg av chipset. nForce 780a vs. AMD 790FX - eller kan eg klare meg med det rimelegare nForce 750a? Einaste eg er ganske bestemt på er at eg vil ha grafikk med hardware-dekoding av H.264 og evt. andre kurrante kodekar.

Når det gjeld CPU tenkjer eg meir på effektforbruk (støy) enn ytelse, men saman med grafikk'en må han orke 1080p. Phenom prosessorar ligg på 95 eller 125W! Eg vurderer å gå for denne som kun trekk 45W, men er den rask nok?
AMD CPU ATHLON 64 X2 5050E Socket AM2 2.6GHz 1MB Boxed 65nm 45W til 850,-
Eventuelt denne som kun har 100MHz mindre til bare 611,-? AMD CPU ATHLON 64 X2 4850E Socket AM2 2,5GHz 2x512kB Boxed 65nm 45W Brisbane

Når det gjeld RAM, tenkte eg kanskje å kjøpe kun 1 x 4GB brikke i denne omgang. Kun 1 brikke skal vel redusere hastigheten litt(?), men eg tenkte det gjer det lettare å oppgradere med inntil 3 x 4GB brikker ekstra seinare...

Som tunerkort har eg sett på Hauppauge! WinTV-NOVA-HD-S2, DVB-S2 (HD-ready), PCI, Retail til 949,- og så tenkte eg evt. å forsøke med softcam. Det kan også vere aktuelt å motta bakkenett TV - enten bare ukoda kanalar, eller kanskje det går å bruke softcam her også? Forslag til DVB-T tunerkort?

Nedanfor har eg lista opp nokre hovudkort eg har kikka innom. Om eg berre får ei god anbefaling til eit bra og rimeleg chipset, skal eg vel klare å bestemme meg for eit fornufig kort. Men konkrete tips er også fint!

Komplett.no - Asus M3N-HT Deluxe/HDMI, nForce 780a SLI, Socket-AM2+, ATX, 3xPCI-Ex(2.0)x16
* 3 PCI Express 2.0 x16, 1 PCI Express x1, 2 PCI
* 1 x ATA, 6 x SATA, 1 x eSATA
* 10 x USB, 2 x FireWire
- DYRT (1550,-)

Komplett.no - Asus M3A-H/HDMI, AMD 780G+SB700, ATX, Socket-AM2+, DDR2, VGA, PCI-Ex(2.0)x16
* 1 PCI Express 2.0 x16 , 2 PCI Express x1 , 3 PCI
* 12 x USB
* 1 x ATA, 6 x SATA
- Manglar firewire
+ BILLIG (749,-)

Komplett.no - Asus M3N-HD/HDMI, nForce 750a SLI, Socket-AM2+, ATX, 2xPCI-Ex(2.0)x16
* 12 x USB
* 1 x ATA, 6 x SATA
* 2 x FireWire
* 2 PCI Express 2.0 x16 , 2 PCI Express x1 , 3 PCI
+ OK pris (1050,-)

Komplett.no - Gigabyte GA-MA790GP-DS4H, AMD 790GX, Socket-AM2+, ATX, DDR2 , 2xPCI-Ex(2.0)x1
* 12 x USB
* 1 x ATA, 6 x SATA
* 3 x FireWire
* 1 PCI Express 2.0 x16, 1 PCI Express 2.0 x16 ( x8-modus ), 3 PCI Express x1, 2 PCI
+ VGA, HDMI og DVI
- Litt dyrt (1329,-)