Guide: Formatering og reinstallering av Windows

Sponsorer:
Takk Takk:  0
Like Like:  0
Viser resultater 1 til 2 av 2
  1. #1
    Intermediate Tandstad sin avatar
    Medlem siden
    Feb 2005
    Poster
    1,393
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    Guide: Formatering og reinstallering av Windows

    Sit her og skal til å formatere pcen min. I denne omgang er det kun bærbaren(som står på kontoret, og blir brukt delvis som filserver til HTPCen, delvis til surfing/skrivearbeid.) som skal formaterast. I denne samanheng veit eg at eg sjølv brukar å stresse litt med å finne dei rette programma på nytt, og håper med denne tråden at vi sammen kan komme fram til dei programma som er nødvendige, og at ein kan utelukke mange program som berre tek opp plass på pcen, og dermed også bruker unødvendig med ressursar.

    NB: Før ein eventuell formatering skal gå i gang, er det viktig å hugse på eit par ting. Ta backup av private ting, epostar og eventuelt legg musikkfiler/filmfiler over på ein annan partisjon. Hugs også å brenne ut eventuelle drivarar som du veit du har stressa med å finne tidlegare.

    Eg skal ta for meg windows xp i denne omgang. Eg kjem til å optimatisere windows for best ytelse, då eg synes dei kompromissa ein må inngå for å ha alle effekter på ikkje samsvarer med kor mykje maskinkraft det utnytter. Eg er ingen ekspert, så eg kjem til å oppdatere denne guiden med tipsa til andre brukarar som kjem på ting.

    1. Installasjon av windows xp(mce2005).

    Installasjonen av windows regnar eg med alle kjem seg igjennom greit. Frå ein set inn cden og rebootar, treng ein kul å følge anvisningane på skjermen.

    Inne i windows for første gang etter formatering

    Det første eg gjer når eg kjem inn i windows, er å installere eit virusprogram. Kan anbefale å trekke ut nettverksledninga om ein bruker DHCP, då ein umiddelbart er på nett. Det kjipaste eg ser er at prosessorbruken går opp til 99% før ein eingong he lagt inn oppdateringer.

    Umiddelbart etter installasjon av virusprogram, (plugger evt. nettverkskabel i igjen) går eg inn på windows update. Denne finn ein ved å trykke på start-knappen, og trykke på windows update nest øverst. Her får ein valget mellom "Hurtig" og "Egendefinert". Det greiaste er å velge hurtig først, for så å sjekke over egendefinert seinare.(MA. service pack ol. må installerast separat). Når windows update gir beskjed om at det ikkje finnast fleire oppdateringer på websidene, må du klare deg på eigenhand vidare.

    Tips for bedre ytelse ved "tweaking" av windows
    *Bruke windows standardstil:
    -Høgreklikk på skrivebordet
    -Klikk på egenskaper
    -Klikk på utseende
    -I menyen for "Vinduer og knapper" får du valget mellom windows standard-stil, og windows xp-stil. For best ytelse, skift om til windows standard-stil. Denne deaktiverer ein del 3d-grafikk, og gjer at windows bruker mindre minne til dette.

    *Skifte start-meny til gammal-stil
    -Høgreklikk på start-knappen
    -Velg egenskaper
    -Velg mellom "Start-meny" og "Klassisk start-meny". Om du er førstegangsbruker i xp, kan menyen til xp synes å vere litt rotete. Dette går fort over, men personleg liker eg bedre den klassiske stilen. Den virkar også å vere raskare enn xp-menyen.

    *Skifte mellom best ytelse og best utsjånad i windows(denne skrur vel av begge dei to forrige omtalte emna, men om nokon vil skru desse av/på separat, er det greit å ha med.)
    -Høgreklikk på "Min datamaskin"
    -Klikk på egenskaper
    -Gå til avansert
    -Velg "Instillinger" under "ytelse", og velg "tilpass for best ytelse". Her ser ein også mange forskjellige instillinger under, så om ein vil tilpasse noko meir sjølv, kan ein gjere det her.

    *Plaga med at maskina er treg å skru seg av?
    -Høgreklikk på "Min datamaskin"
    -Klikk på egenskaper
    -Gå til avansert
    -Velg "Instillinger" under "Oppstart og gjenoppretting", og skift minnedump til "Ingen minnedump".

    *Raskare oppstart av program
    Viser her til ein glimrande guide som ligg på pcworld
    [/url]http://www.pcworld.no/index.cfm?fuseaction=artikkel&id=979F1BF6-0557-0FA4-451DC85F9352B961[/url]


    Installasjon av drivarar
    Skjermkort:
    Dei drivarane som windows finn til deg, er ikkje alltid dei beste. Søk på forumet til kortleverandøren din for å finne den som he best resultat mellom utgivelsesdato, stabilitet og ytelse.
    Aktuelle linkar:
    http://www.nvidia.com
    http://www.ati.com
    http://www.matrox.com

    Lydkort:
    Om ein he onboard-lyd, skal det her vere kurrant å aktivere lydkortet i BIOS, så finn windows drivarar til det. Evt. ligg det uansett på cden som fulgte med hovedkortet. Samme gjeld nettverkskort.
    Aktuelle linkar:
    http://www.soundblaster.com
    http://www.sunsway.com
    http://www.opendrivers.com/categoryc...-download.html
    http://en.terratec.net/
    http://www.m-audio.com
    http://www.lynxstudio.com

    Installasjon av program
    Her vil eg prøve å liste opp ein del gratis-alternativ, samt muligens anbefale å kjøpe programmer om dei he muligheiter som er svært gode.

    Nettlesar:
    Internet Explorer som kjem installert med windows, kan vere ein svært god nettlesar om ein orkar å setje seg inn i den og tweake den. Men tweaking er dessverre ein del meir tungvint i denne enn i dei to andre alternativa.

    Mozilla Firefox- http://www.mozilla.org

    Opera- http://www.opera.com

    Audio-avspeling:
    Winamp- http://www.winamp.com
    Foobar2000- http://www.foobar2000.org
    Musicmatch- http://www.musicmatch.com

    Video-avspeling:
    Windows media player(Integrert i windows)
    Videolan- http://www.videolan.org
    WinDVD- http://www.intervideo.com
    PowerDVD- http://www.cyberlink.com
    Zoomplayer-http://www.inmatrix.com/files/zoomplayer_download.shtml

    Tips: Videolan he ei mengde codecs inkludert i installasjonpakken sin.

    Codec:
    FFDshow: http://sourceforge.net/projects/ffdshow
    Nvidia purevideo: http://www.nvidia.com/page/purevideo.html

    CD-ripping:
    CDex: http://sourceforge.net/projects/cdexos/

    DVD-ripping:
    DVDshrink: http://www.dvdshrink.org

    Pakke/utpakkingsprogram for filer:
    DVDrar:http://www.download.com/WinRAR/3000-...ml?tag=lst-0-1
    Iceows: http://www.webattack.com/get/iceows.html
    7-zip: http://www.7-zip.org/

    PDF-leser:
    Acrobat reader: [url]http://www.adobe.no/products/acrobat/readstep2.html[(url]
    Ghostview/Ghostscript(begge må installerast) http://www.cs.wisc.edu/~ghost

    Chatting:
    MSN: www.msn.com
    Gaim: http://gaim.sourceforge.net/
    Trillian: http://www.ceruleanstudios.com/

    Utlånsprogram for dvdar
    DVD-profiler: http://www.intervocative.com/

    Dvd/cd-brenning:
    Nero: www.nero.com

    FTP-program:
    FlashFXP: http://www.inicom.net/pages/en.ffxp-home.php

    Og berre til opplysning. Eg er ingen ekspert. Eg er ein standard bruker, så eg tek forbehold om at eg kan ha gløymt ting, og he mest truleg oversett openbare ting som meir erfarne brukarar kan. Og det var ein del av planen min å integrere dei tinga som dykk kan tilføye til mitt innlegg.

    Mvh Tandstad

  2. #2
    Moderator Kokken sin avatar
    Medlem siden
    Sep 2004
    Poster
    4,576
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Mye flott i dette innlegget, men jeg frister meg til å legge inn noen personlige erfaringer.

    Først av alt bruker jeg Norton Ghost til å lage image av OS-disken på flere nivå. Har en versjon av Ghost som er lagt på en bootbar CD (kollega på jobben som fikset). Ved installasjon kjører jeg disse image'ene:
    Etter ren OS installsjon
    Etter antivirus/brannmur + patchinger
    Etter utiliti-software er installert (Office, musikk/filmavspillere, Adobe etc)

    Disse imagene kjøres ut på DVD og legges i brannsafe (dere har vel brannsafe hjemme ;-) ).

    Skulle noe skje med installasjonen så er det kjapt å returnere til et punkt hvor mye av jobben allerede er gjort. Tar ca 1/2 time å kjøre en rollback. Tar gjerne et image dersom jeg skal teste ut et program. Hvis jeg ikke liker programmet, så er det like lett å kjøre image tilbake som å avinstallere.


    Et annet punkt som jeg har som vane er å partisjonere opp harddisker til minst 3-4 partisjoner. F.eks:
    OS
    USER LOKAL
    USER SHARED (nettverks-shared)
    BACKUP

    På USER LOKAL har jeg et eget direktory for downloads og drivere. Her ligger alle SW og patcher som er lastet ned fra internet. Det medfører at jeg ikke trenger å koble meg til nettet før mye av "grunnarbeidet" er utført ved reintallering eller rollbacks. USER LOKAL er også satt opp som lagringspath for "Mine dokumenter", som igjen medfører at en slipper å kopiere tilbake fra backups.

Stikkord for denne tråden

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere meldingene dine
  •