Vurderer å importere eit sett med Apex II høgtalarar som eg fann på rawacoustics.com. Denne høgtalaren he på papiret alt som eg ønsker; eit røft utsjånad, bra med membranareale, ein svært god pris som kit i forhold til ferdigvare, eit grundig delefilter kombinert med gode drivarar. Men dette er som sagt kun på papiret, og eg finn ikkje nokon erfaringer med desse høgtalarane, verken som kit eller ferdigvare. Ikkje finn eg "Søk"-funksjonen på avsforum heller så eg kan søke igjennom forumet der.

Så er det nokon som har erfaringer, linkar, veit om tester el. til desse?

Dette er altså høgtalaren det er snakk om:
APEX II Premium kit , DIY Speaker Kits Canada & Customer Speaker Cabinets - Raw Acoustics


Og ja, eg he lest customer comments inne på sida her, men er ute etter meir erfaringer før eg blæs vekk så mykje pengar Blir i mitt tilfelle fronthøgtalarar i min kino kobla til Embla Maenia(samme specs som Oberon 6.1 såvidt eg veit), og brukt 50/50 til film og musikk.