Høgtalartips til billeg røyrforsterkar: Sjølvbygd eller kjøpt?

Sponsorer:
Takk Takk:  0
Like Like:  0
Viser resultater 1 til 3 av 3
  1. #1
    Newcomer
    Medlem siden
    Feb 2007
    Poster
    18
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    Smile Høgtalartips til billeg røyrforsterkar: Sjølvbygd eller kjøpt?

    [redigert: Korta ned til leseleg lengd.]

    Hei!

    Eg treng litt hjelp. Eg får snart ein 10W røyrforsterkar i posten, og må finne gode høgtalarar som passar. Krav:

    - Nokso nøytrale - ingen dipp i mellomtone!
    - Ikkje større enn vanlege stativhøgtalarar
    - Billege
    - Skal kunne brukast til nær og halvnær lytting - eg skal bruke dei mellom anna som studiomonitorar
    - Må vera lett last for ein 10W røyrforsterkar

    Eg treng altso gode tips, og gjerne kommentarar til det eg alt har sett på:

    - Tangband, slik som dette, eller kanskje i ei brusflaske? :-). Muleg ulempe: Kanskje ueigna til nærlytting? Litt tungdrivne?
    - Billege trykkammerhøgtalarar, slik som dette (rødme). Får faktisk god kritikk her, og ser ut til å vera enkle å drive. Muleg ulempe: Ikkje brukbare til nærlytting? Ikkje nøytrale?

    Dette var ikkje heilt enkelt, gitt. Eg går for anten å kjøpe eller byggje, og treng tips i båe retningar. Takk!

  2. #2
    Expert
    Medlem siden
    Jan 2004
    Poster
    5,562
    Takk & like
    Nevnt
    2 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

  3. #3
    Newcomer
    Medlem siden
    Feb 2007
    Poster
    18
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Takk for svar!

    Fostex PM0.5 og 0.4 har eg sett på, men ikkje fått prøvd. Båe variantane der burde gå an, og ville stå høgt opp på lista om eg var ute etter ein aktiv monitor no - men eg tenkte som sagt eg skulle prøve å bruke forsterkaren eg har kjøpt. Eller kanskje selja forsterkaren og kjøpe eit par slike i staden? Hm. Eg fann ikkje dei andre høgtalarane - Krix og Dynaudio - på bruktbørsen.

    Xavian-høgtalarane frå audiofoni.no ser òg flotte ut - kanskje litt dyre, men eg er ei gjerriglus. Ser dei har gamlemodellen av XN125 på tilbod til 3000. Hm. Her må eg i tenkeboksen ei stund! Eller få fleire tips? :-)

Stikkord for denne tråden

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere meldingene dine
  •