Bygge nye sub-kasser til XXLS og Hypex HS500

Sponsorer:
Takk Takk:  0
Like Like:  0
Viser resultater 1 til 8 av 8
  1. #1
    Intermediate Tandstad sin avatar
    Medlem siden
    Feb 2005
    Poster
    1,393
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    Bygge nye sub-kasser til XXLS og Hypex HS500

    Som kanskje ein del veit, starta eg i fjor sommer eit prosjekt med å lage sub-kasser i glassfiber. Dette drøyer, og eg begynner å bli nervøs for at opphenget på elementa skal morkne. No er vel ikkje materialet desse elementa(peerless xxls) er laga av det lettaste til å morkne, men allikavel. Så sidan eg har 28mm MDF liggande og slenge, tenkte eg at eg skulle bygge meg to midlertidige kasser, slik at eg slepp å stresse med glassfiberet(for det viser seg å vere ein heil del arbeid).

    Så det eg lurer på er:
    -He eigentleg ikkje tenkt så mykje på eit nytt design til kassene(skal bygge to, ei som inneheld forsterkar+element, ei som kun inneheld element), så eg går sikkert for kassedesignet til eltek(for dynabel brontes). Her er elementet plassert på langsida. Sidan rommet mitt ikkje er verdens største, lurte eg på om det vil ha noko innverknad om eg istaden plasserer elementa på kortsidene?

    -Kan det vere ein idè(skal bruke dobbel frontbaffel) å bruke spon på den innerste baffelen? Dette er vel ein del enklare å bruke klo-mutter på, og meiner eg også har høyrt noko om at bruk av spon+mdf kan ha lydmessige fordelar?

    No veit eg ein del kanskje synest eg er tulen som begynner på enda to kasser når eg held på med to frå før, men det må understrekast at eg ikkje hadde gjort dette om eg ikkje var så heldig å ha materialet tilgjengelig gratis. Eg er også litt ivrig etter å høyre korleis subbane spelar i det rommet eg brukar no, sidan eg har flytta heim att.

  2. #2
    Intermediate
    Medlem siden
    Dec 2005
    Poster
    508
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Høres gøy ut, bare husk og få la oss følge med på prosessen!

  3. #3
    Intermediate D|sElMiNk sin avatar
    Medlem siden
    Jun 2004
    Poster
    1,467
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Tror ikke du behøver å bekymre deg for at opphenget skal råtne på XXLS'ene. Det er skumoppheng som råtner (etter lang tids eksponering for sollys). Mine subber tok det halvannet år å få på plass grunnet studier og mangel på egen snekkerplass, men opphengene er like fine. I det gamle rommet mitt hos foreldrene mine står et par høyttalere med Seas elementer som ble kjøpt i Bergen i 1980. Gummiopphenget er like fint (rett nok vet jeg ikke hvordan de så ut da de ble kjøpt, siden jeg kom til verden etter disse høyttalerene).

    Hva som er best av å ha elementet på kortveggen eller langveggen bestemmer du selv i forhold til estetiske hensyn og konstruksjonen ellers med tanke på avstivinger. Bølgelengdene subben skal jobbe med er uansett en god del lengre enn de interne dimensjonene i kassa. Et subwooferkabinett skal være så stivt som mulig slik at eventuelle resonanser flyttes over arbeidsområdet. Slik sett ser jeg ingen fordeler med å bruke spon kontra MDF. Avstiving av alle flater er veldig viktig, gjerne også i solid kontakt med elementet (dimensjonér slik at du kan bruke samme type pakning bak magneten som rundt elementet).

  4. #4
    Intermediate Tandstad sin avatar
    Medlem siden
    Feb 2005
    Poster
    1,393
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Jaha, då skal eg til å teikne opp på papir her korleis eg skal sage opp mdf-plata mi. Så eg lurte på om nokon har forslag til design på kassa?

    Ting å tenke på:
    Eg skal bruke 25,75 mm MDF, dobbel front og bakbaffel
    Det skal være to XXLS 12" element i kassa
    Downfiring eit alternativ? Mister eg litt punch her?

    Grunnen til at eg legg inn dette innlegget, er fordi eg enda ikkje har klart å setje meg inn i eit skikkeleg tegneprogram på dataen slik at eg kan tegne kassa her. Så om nokon føler dei har 5 minutt til overs, ikkje nøl med å komme med eit forslag

  5. #5
    Intermediate freddie sin avatar
    Medlem siden
    Feb 2006
    Poster
    3,175
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Såvidt jeg har klart å registrere i mitt eget anlegg gir downfiring litt mer "rystende" opplevelser, mens frontmontert er mer direkte trykk.

    Hva ønsker du? Jordskjelv eller spark i brystkassa?

    Det er sikkert mulig å få til begge deler med den helt riktige kassen da...

  6. #6
    Intermediate Tandstad sin avatar
    Medlem siden
    Feb 2005
    Poster
    1,393
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Hmm, vanskeleg å svare på utan å ha høyrt nokon downfiring-oppsett før :/

    Men planen min no er faktisk å kjøpe to 12" xxls til, og dermed plassere ei kasse ved kvar fronthøgtaler, som inneheld to 12" kvar. Skulle vel tru at sjølv om eg går for downfiring så skulle eg få trykk nok. Og ikkje minst ville det vore litt mindre bekymringer når alle niesene mine kjem og skal sjå tegnefilmar, så dei ikkje pungterer eit element :P

  7. #7
    Intermediate Tandstad sin avatar
    Medlem siden
    Feb 2005
    Poster
    1,393
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Ok, har akkurat snakka med eltek, og bestilt med to 12" xxls til. Dvs. 4 stk totalt. Desse skal fordelast på to kasser à ca. 110 liter. Eine kassa ska inneholde forsterkar til heile sulamitten(Hypex HS500). Serie og parallellkobling gjer at impedansen skal bli 4 ohm totalt, og denne lasten skal vere grei for forsterkaren. Tenkte at sidan det går med såpass med MDF, skal eg bruke tjukk spon til innvendige avstivarar.

    Nokon som har innspel til korleis kassene bør byggast? Og downfiring er ikkje lenger eit alternativ, xxls`ane er ikkje egna til dette. Eltek anbefalte at elementa står på kvar si side av kassa, så det blir vel dette regner eg med Men tenkte meir på innspel på kva mål kassa burde ha.

  8. #8
    Intermediate freddie sin avatar
    Medlem siden
    Feb 2006
    Poster
    3,175
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Du kan jo lage kassene som halvparten av de i 8x12-tom sine kasser...
    http://avforum.no/forum/kalibrering-...tml#post527044
    To elementer i hver sin kasse i stedet for 4.
    (Vet at det ikke er samme element da, så størrelsene passer vel kanskje ikke)

Stikkord for denne tråden

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere meldingene dine
  •