Hei folkens

Tenkte eg ville dele mine erfaringar på dette området sidan eg har streva ein del og finne små mengder god informasjon på nett.

Eg kjøpte nylig HTPC, og ville då naturleg nok ha TV på denne. Eg har PVR boks frå Canal Digital, og las at kortet frå CD kan brukast med TV-kort. Kjøpte derfor dette:
- Digital Everywhere FireDTV C/CI
- CAM Modul CONAX Versjon 5.0

Eg la inn Windows Vista Home Premium 32bit, og TV kortet verka veldig bra det. Installerte så Windows 7 RC 64bit i dual-boot, men fann ikkje kanalane her. Prøva dette:
- Windows 7 drivar (to utgåver)
- Windows Vista drivar
- Endre til legacy firewire drivaren (tips frå leverandør og brukarar i forumet)
- Søkje opp kanalane i både Media Center FireTV applikasjonen
- Ta kontakt med support (lenka meg til ny drivar for to dagar sidan, ingen endring)

Eg bruka same transponder fil (frekvensar for å søkje opp kanalar) for Windows 7 som Vista, så det var ikkje vits å endre på denne. Til slutt gjekk eg lei og la inn Windows 7 32bit, og no finn eg alle (eller nær i alle fall) kanalane mine (137, fann vel 150 i Vista). Finst nok løysingar for å få dette til å verke i Windows 7 64bit (har lese i forum at folk har fått det til), men ingen av løysingane eg testa verka.

P.S: Fjernkontrollen som følgjer FireDTV verkar ikkje i Media Center (stod det, fekk det ikkje til), men Logitech Harmony verkar utmerket (med IR mottakar på HTPC’n)