Eg kontakta Canal Digital anngåande kabel-tv i mi leiligheit i Trondheim, men fekk til svar tilbake at alle uttaka for kabel-tv var full på mi adresse, og at det då ville kome ei utgift på graving o.l på i overkant av 11 000,-
I denne samanheng så er eg interessert i å høyre om det går ann for meg å få ei fellesskapsordning med naboen i etasja under meg, der han opnar opp tilgang i mi leiligheit? Dette blei gjort i sambuaren min sin førre bupel, der naboen i etasja over opna opp signal for ho (gjennom Canal Digital, altså. Ikkje noko piratverksemd). Vil dette vere mogleg å få til her også, sjølv om uttaka var fulle til ordinær kabel-tv? Kan til dømes Canal Digital stille med ein slags "splittar"?

Siste spørsmål: Kven må involverast for å få dette i orden? Kan dette ordnast mellom meg, Canal Digital og naoben, eller må den formelle huseigaren involverast?