HolgerL byggjer TV-stue med kino.

Sponsorer:
Takk Takk:  0
Like Like:  0
Side 1 av 5 1 2 3 4 5 SisteSiste
Viser resultater 1 til 20 av 100
  1. #1
    Newcomer HolgerL sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2008
    Poster
    174
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    HolgerL byggjer TV-stue med kino.

    Hei folkens!Har lest masse i forumet, men vore lite aktiv dei siste åra. Eg er opptatt av film/serier/musikk/lyd men er ikkje fanatiker. Eg vil ha bra utstyr, men kan ikkje betale det det absolutt beste kostar... Vi flytta i fjor frå rekkehus i Oslo til enebolig i Bamble, og her har aukinga i plass gjeve oss rom til å få draumane våre (mine) oppfylt.
    På eit år har vi pussa litt opp i stua, tatt to soverom omtrent frå scratch og eg har fått furtebu/heimekontor/studio i anneks over garasjen. Har det heilt topp!


    Prosjektet eg no er godt i gang med er tv-stue og kino med høg WAF. Det er ikkje berre til bruk for kino, men skal doble som tumleplass for ungane, og ein stad der ungane og venene deira kan henge og sjå tv/film/høyra på musikk, etc. Men også ein stad der eg kan spela Gran Turismo eller Call Of Duty på stooor skjerm når eg har lyst, og ha møter i den lokale "Filmklubben Pils Og Gladvold" og sjå GoT med kjærasten. :lol:


    Eg er også litt aktiv på byggebolig.no og det er der eg har hatt prosjekttråd for furtebua. Starta opprinneleg ein prosjekttråd for tv-stua der, men har etter kvart innsett at eg kanskje bør melda overgang hit. Det meste eg driv med har nok mest interesse for folket her på AV-forum. Eg kjem difor til å leggja ut ein del innlegg som tar for seg det eg har gjort fram til no, og så fylle på etter kvart. Håpar det er av interesse.
    Sist endret av HolgerL; 10-08-2013 kl 11:31

  2. #2
    Newcomer HolgerL sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2008
    Poster
    174
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Eg starta så smått i mars i år.

    Rommet som skal bli tv-stue er i første etasje i huset og har faktisk aldri vore innreidd. Det er betonggolv og alle fire veggar er leca som var ubehandla på innsida.
    Tre av veggane er ytterveggar. Alle desse veggane er over terreng.
    Over rommet er stua.

    Her er utsnitt av den originale planteikninga:



    Rommet var 4,9 x 3,6 meter ved oppstart.

    Slik såg det ut før eg starta opp:



    Det første eg gjorde var å rive den gamle himlinga. Bak var det greie etasjeskillere med glava mellom.



    Himlinga var av ubehandla trepanel. Den kappa eg opp og brenner i ovnen på kalde dagar



    Planen for ny himling er å montere lydbøyler, lekte ned med 48x30 og montere to lag plater - etter oppskrifta.

    Første oppgåve var å slemme veggane for tetting.





    Slemminga var gjort ferdig i april, men den måneden var hektisk, så lite blei gjort. Alt var klart for avretting av golvet, men det var så lite lystbetont at eg fekk nokre flinke litauere til å ta den jobben på ein formiddag tidleg i mai...

    Det blei rett og fint!




  3. #3
    Newcomer HolgerL sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2008
    Poster
    174
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Fylgjande skreiv eg 14. mai:

    Straks ferdig med utlekting! Berre nokre tverrlekter igjen. Har samstundes brukt ein del tid på planlegging av punktar for straum/nettverk og audio.



    Dette blir ei tv-stue, og ingen full-blown heimekino. WAF må vera rimeleg høg. Det skal inn ein ny 60-tommers TV og mitt fire år gamle Onkyo/Canton surroundanlegg. Det spelar heilt greit til å vera såpass lite. (Eg hadde sett meg ut LG sine 65-tommers TV'ar som dei solgte inntil nyleg, men no er det ingen i sal lenger, og i den nye serien er det ingen 65-tommere i LED-versjon!?)

    Eg legg også opp til at eg kan ha ein projektor, og strekk ein 7,5 meter lang HDMI-kabel i taket til eit punkt øverst på bakveggen + straum. Den blir ikkje innkjøpt med ein gong. Kanskje når nettene blir lange og kulda setter inn?

    I front har vi kjøpt dette IKEA Bestå-hyllesystemet: BESTÃ… Tv-møbel, kombinasjon - brunsvart - IKEA
    Det fyller nesten ut veggen, og gjev god plass til ein 60-70 tommer i midten.

    Eg legg opp til godt med straumpunktar i veggane - spesielt i front (NEK 400-kravet og vel så det

    Eg har avtale med elektriker om å setja opp boksar og leggja rør sjølv, så kjem elektriker og trekk PN-kabel og koblar. Elektrikeren kjem i starten av neste veke med boksane og røra eg har bestilt og er med på å leggja føringar for kor rør/boksar skal vera.

    Samstundes trekk eg rør for nettverkskabel som kjem frå etasjen over og inn i veggen. Denne trekk eg fram til frontvegg, eg legg også rør til bakhøgtalarar. Eg legg opp rør til eit 7.2-anlegg, men trekk berre høgtalarkablar til 5.1. Har eigentleg ikkje planar om å ha meir enn det, men det er like greit å ha rør tilgjengeleg om (når) eg ombestemmer meg (eller at framtidig eigar ynskjer det).

    Eg legg også opp audiokabel for subwoofer - både på venstre og høgre side. Teoretisk kan den eine brukast til romperistar om eg vil ha ekstra power ein dag...

    Eg legg ikkje rør i veggane til høgtalarar i front. Dei blir uansett skjult av reolen/tv-møbel, men eg legg eit einmeters 50mm-rør frå bak tv'en til uttak ved golvlist til hdmi, nettverk- og straumkabel slik at desse blir skjult. Eg vurderer også løysingar for pen implementering av Playstation Eye

    Eg har lest meg litt opp på kva som finst av veggplater til audio/video, og har bestemt meg for å kjøpe veggplater som passar Elko og Keystone-kontaktar for bakhøgtalar, RCA audio og HDMI til projektor bak.

    Stereovoss, Sagi.no og andre sel veggplater som passar Keystone-komponent, men det er latterleg dyrt å kjøpe her i landet. Eg kjøper Elkoplatene eg treng hos Lydfisken: PHS Wallplate uten pynteramme

    Så kjøpar eg keystone-modulane frå monoprice.com:
    Audio/Video Keystone Jacks - Monoprice.com


    Det flaskar seg! Har brukt litt tid på dette, men familielivet og jobben krev sitt. No til helga er det først 17-maiselskap, så er det 7-års bursdag med 16 småjenter (puh) og familiebursdag på søndag. Blir lite jobbing då. :-P Har heller ikkje noko hjelp enda. Skal hyre inn svigerfar når eg byrjar med plater. Då blir det veldig greit med fire hender!

  4. #4
    Newcomer HolgerL sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2008
    Poster
    174
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Dette skreiv eg 21. mai:

    Eg skreiv i innlegget mitt at eg skal leggja HDMI i rør, og får 40mm rør av trikkeren min når han kjem på befaring rett før, eller over helga.
    Trass i 17. mai og bursdagshelg fekk eg nokre timar til rådighet på mandag, og har no nesten alle lektene på plass, og bora ein del hol til rør, isolert ein del bak lektene og i hjørna, m.m.

    No er eg i Oslo på jobb, og til helga er det familiebesøk så då blir det ikkje gjort alt for mykje, men slik er det jo. :roll:
    Fekk beskjed frå den lokale muraren at han ikkje tar fleire oppdrag før ferien, så det hastar litt med å få avtalar med dei handverkarane som eg må ha avtale med, altså murar (som skal pusse pipa) og elektriker.

    Eg har ein del tid til grubling og planleggjing då, og det siste er at eg vurderer å gå for ein mindre TV(!) Eg hadde (har) lyst på ein 60-65" TV, og evt. i tillegg ein projektor for dei beste filmkveldane som eg kunne få råd til seinare, men no lurar eg på om eg skal gå ned til 55" og ein Benq W1070 i staden: Benq W1070 - Projektor - Finn laveste pris, omtaler og informasjon :-O
    Det blir nesten same pris som ein bra 60-65", fordi prishoppet frå ein 55" er så stor.

    Med projektorkjøp så er det ein heil del andre faktorar og nye reknestykke. Det er jo stor skilnad på kor langt frå lerret ein kan montere projektor, og kor stort lerret ein kan ha i høve til kor ein skal sitja. Kalkulatoren er uunnværleg i så måte:
    Projection Calculator Pro - Projector to Screen Distance

    Kalkulatoren fortel meg at med eit 120" lerret i 16:9-format kan eg montere projektoren 4 meter frå lerretet. Rommet blir ca 4,7 meter langt, men lerretet må monterast i taket foran den før nemnte mediereolen (40 cm djup+5-8 cm rom bak), slik at maks avstand til lerret blir omlag 4,25 meter. Det tyder at eg kan montere projektoren heilt i bakkant i rommet. Med andre ord; perfekt.

    Kalkulatoren seier at tilrådd sittedistanse til lerret blir 3,7-5,8m. Framleis perfekt. - Og veldig, veldig fristande!

    Denne projektoren har 3D-støtte, og ein må kjøpe dyre aktive 3d-briller i tillegg. Skulle ynskje fleire aktørar implementerte Cinema 3D-teknologien som LG satsar på! :smile:

  5. #5
    Newcomer HolgerL sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2008
    Poster
    174
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    27. mai hadde eg besøk av elektriker som kom med boksar og rør.

    Tok nokre bilda mens eg venta på han:

    Frontvegg:


    Yttervegg er slemma, men eg droppa det på innerveggen. Der har eg også tetta hol og mellomrom mellom lecablokkene.



    Oppe på veggen kjem det inn to cat5a-kablar som leggjast i rør til frontveggen. To, fordi ein kabel bærer tv-signalet, og den andre er til internett. (Ja eg har også trådlaust nett i boligen, men det er framleis mykje betre bandbreidde på kabel, og når eg først har muligheten til å leggja det opp frå scratch, så gjer eg det.



    Har også så smått byrja å henge opp lydbøylene.



    Dør skal sjølvsagt bytast, og her ser ein pipa som skal pussast. Eg har prøvd (litt halvhjerta) å få tak i nokon til å gjera det, men ingen respons! Heller ikkje på Mittanbud.no og Finn oppdrag! Er murarane så bortskjemte no om våren?


  6. #6
    Newcomer HolgerL sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2008
    Poster
    174
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    8 juni var eg stort sett ferdig med rør og boksar:

    Front:




    Eg monterte ein boks med 50mm rør slik at det blir eit hol bak tv'en. Det gjekk greit å tilpasse røret til boksen. Måtte berre litt tec7 til


    Holet til venstre er utgangen for tv-kablar, og til høgre går HDMI-kabelen i 40mm rør til bakvegg.



    Røret går rett opp veggen, og passar akkurat på oversida av den nye himlinga.



    På bakveggen kjem HDMI ut opp ved himlinga, og der blir det også eit straumuttak. Eg målte ganske nøyaktig og kjøpte ein 7,5m HDMI-kabel. Det blei ikkje mykje ekstra!



    Litt rotete før isoleringa starta...



  7. #7
    Newcomer
    Medlem siden
    Mar 2012
    Poster
    277
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Følger med videre

  8. #8
    Newcomer
    Medlem siden
    Jan 2012
    Poster
    31
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    følge med

    Her må jeg følge med da jeg antagelgi drar i gang med et veldig lignende prosjekt i løpet av høsten.

  9. #9
    Intermediate Jan Frode sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2010
    Poster
    537
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Alltid like kjekt med slike byggetråder, her skal det følges med :-)
    Stue: Primare I32 - Primare DAC30 - Sonus Faber Venere 2.5 - Viablue SC-2 - HTPC - Chromecast Audio - Ipad Air - Spotify Premium

    Reserveutstyr/ til salgs: Nakamichi Amplifier 2
    - Arendal Sound 1723 Tower -System Audio Saxo 30 - Onkyo A-9010 - Sennheiser Momentum

    Det er bedre med en god trekant enn en ond sirkel

  10. #10
    Intermediate OleM sin avatar
    Medlem siden
    Jul 2003
    Poster
    4,162
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Dette ser veldig bra ut! Supert med mye bilder!

  11. #11
    Newcomer HolgerL sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2008
    Poster
    174
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Takk for svar folkens!

    I går kveld blei eg stort sett ferdig med isolering, og fekk også kome i gang med å feste dampsperre. Planen er å bli ferdig med det i kveld, og så dra ut og handle veggspon og ny dør. Kompakt - med karm med tettelist).

    Dette er frontveggen. Eg har festa eit par ekstra plankar mellom stendere der tv'en skal opp for å ha spikerslag til feste.



    Dette er bakveggen. Det er heile fem vindu i dette rommet, så her skal det inn ein god gjeng med lystette rullegardinar!

    Eg har plassert høgtalaruttak for surround-left og right oppe ved himling, ganske langt bak, pga vindu. Her er også uttak for surround-bakhøgtalar til 7.2-oppsett ved vindua bak. Desse vil ikkje bli tatt i bruk i første omgang. Sofaen som skal inn her skal stå så langt bak som mogleg.



    Eg nemnte i eit tidlegare innlegg at eg ville handle elko veggplater hos Lydfisken og keystone-pluggar hos Monoprice. Dei bestillingane blei lagt inn på torsdag i førre veke, og veggplatene henta eg i Oslo på tysdag då eg var på jobb der, mens pluggane frå Monoprice kom på døra med UPS i går - nøyaktig ei veke etter bestilling! Då er alt klart til montering når berre resten blir ferdig! Godt å ha det på plass, så eg slepp å vente når eg eigentleg er klar!



    Her er ein montasje av nokre av pluggane satt i veggplate. Kvaliteten verkar bra, men det er bittelitt skilnad på fargen på veggplatene og pluggane, men det bekymrer meg lite...



    Sjølv om pluggane er latterleg rimelege i forhold til her i landet, blei det imidlertid så mange pluggar at prisen blei 250,- og over tollgrensa. Einaste fraktalternativet på Monoprice er med UPS, og det kostar skjorta å fortolle hos dei!
    Eg fylte difor på med nokre kablar eg trengte i studio, så blei det to pakkar i underkant av 200, og omlag 200 i frakt på kvar av dei. Framleis billeg!

    Eg har verkeleg fått handla litt denne veka... Meir enn eg eg hadde trudd og tenkt!!

    Eg nemnte at eg vurderte å gå for 55".
    Vel, på tysdag la sjølvsagt Lefdal ut ein fjorårsmodell på eit tilbod eg ikkje kunne seia nei til... Det er den relativt enkle TV'en 55LM615T som var nedsatt frå 8990 til 6490.
    Det er ingen smart-tv, ingen wifi, men det passar meg utmerket! Eg brukar eksterne boksar til all strømming og slikt, og vil helst sleppe å betale for slikt som eg kanskje ikkje hadde brukt likevel!

    Og som om ikkje det var nok, la komplett ut dagstilbod på Benq W1070 i går til 5990,-. Då satte Lefdal den også ned til samme pris, og eg har gått på ein smell på å ikkje slå til på tilbod før, og dette er riktig pris, så då var det ikkje meir å tenkje på! Så no er både ny TV OG Projektor på veg i posten - OG EG ER FLEIRE VEKER UNNA FERDIG MED TV-STUA! WTF??

    Men prisen er ikkje noko å seia på... 12500 for to heilt greie produkt. Det er mindre enn eg opprinneleg hadde tenkt å betale for berre TV!
    Ja, det er budsjettmodellar, og eg kunne kjøpt enda betre kvalitet, men no før OLED og 4K har slått gjennom i forbrukarmarkedet, sparar eg heller litt pengar, så har eg betre samvit rundt neste korsveg når det er snakk om å oppgradere til 4K OLED. For det kjem sjølvsagt - raskare enn vi trur.

    Uansett kan eg kanskje bruke 55" i stua fram til den skal ned i TV-stua. Der står det no ein 5 år gamal 37" LG LCD. Heilt grei TV til barne-tv og dagsrevyen, og den var stor nok i stua i rekkehuset i Oslo der vi satt eit par meter unna. I den nye stua er imidlertid skjermen litt liten...

  12. #12
    Newcomer HolgerL sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2008
    Poster
    174
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Handlerundar på laurdagar tar alltid så mykje tid! Kanskje spesielt når ein bur i distrikta. Laurdag handla eg inn plater, lekter, varmefolie, dør, m.m. Fekk hjelp av ein kompis til å sage riktige lengder på alle platene og bære dei inn.
    Dei fleste platene er 120cm, men planla godt på forhånd og fann at det var lurt å bruke 60cm-plater over og rundt dei tre store vindua. Fasiten blei 11 120-plater og 6 60cm-plater. Ingen rom for feil, då. Tabbar eg meg ut, må eg ut og handle... :roll:



    Fekk også tid til å montere dei to første platene. Moro! Det er ei utfordring å få hol på riktig plass til elboksane, men synst det gjekk bra til å vera første forsøk!

    Det er bakdelen med å ha mange punkt for A/V og el... Blir mykje måling og saging og fikling... Har litt småangst for å bomme også. :wink:
    Kva gjer eg om eg skulle bomme litt på eit hol? Nokre tricks slik at eg evt. slepp å kassere ei heil plate?


  13. #13
    Newcomer HolgerL sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2008
    Poster
    174
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Får lagt inn eit par timar om kvelden, men med mange vindu og el- og AV-punkt tar det litt tid med boring av hull og saging. Det er ikkje minst litt knotete å handtere 120cm sponplater aleina... Men det går

    Med litt flytting fram og tilbake funkar det veldig fint å bruke krysslaseren til å merke av for elboksar! Peikar berre laseren på midtpunktet, sett plata på plass og setter kryss, gjentar for dei andre hola, og borar i kryssa etterpå.



    Resultatet er upåklageleg:



    Eit anna uunnværleg verktøy er elkomalen for doble og 1,5-boksar:



    Slik blir det:



    Og det byrjar sjå bra ut. Nesten to veggar ferdig. Har ikkje bomma på eit hol enda!



    Bygningsinspektøren sa seg også fornøyd:




    Må forresten seia at kjøpet av Bosch PLL 360 kryss- og linjelaser er det luraste eg har gjort før eg starta på dette rommet. Har brukt den enda meir enn eg trudde på førehand! Perfekt til å setja opp lekter og få rett høgde på lydbøylene, men også til lokasjon av hol til elboksar og noko så enkelt som å lage ein rett strek på ei lang plate! 8)


  14. #14
    Newcomer HolgerL sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2008
    Poster
    174
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    Lerret...

    Eg driv og planlegg litt i forhold til projektoravstand og lerretstørrelse, og blir ikkje heilt enig med meg sjølv, og dei gode råda er mange og litt sprikande.
    Eg har kome fram til nokre konklusjonar, men er ikkje 100% sikker på alt.

    Eg har ein budsjett-"kino" og har ikkje tenkt å blakke meg på nokon ting, heller ikkje lerret.
    Eg vil ha stort lerret, men ikkje for stort.
    Eg kjem til å ha grei lyskontroll i rommet, men det blir lyst tak og relativt lyse veggar. Eg håpar eg får overtalt sambo til å kjøpe sorte rullegardinar, og det blir mørke møblar, og eg satsar på mørke dekorasjonar på veggane. F.eks. nokre fine akustikkplater... ;-)
    Etter å ha lest masse på utallige lerret-trådar har eg skjønt at det blir tilrådd grått lerret til lyse rom.

    Magefølelsen min seier då at dette er det riktige valget; Eit 120" lerret med grå overflate:
    AVshop.no / DreamScreen V2 DynaGrey Black AutoManual 265cm/120"

    Det er 2,65 meter bredt, og rommet er totalt 3,4 meter bredt-

    Eg kjem til å ha ca 4,2 meter frå sofa til lerret, men ungane kjem sikkert også til sitja foran kaffebordet, ein meter nærmare, og når eg sjølv ser film eller spelar aleina, kan det tenkjast at eg plasserer meg i sweet spot i ein stol foran kaffebordet, og då blir avstanden ein meter kortare.
    THX si anbefaling på optimal skjermstørrelse i forhold til sitteavstand er å dele diagonalstørrelsen på 0,84.

    Reknar ein motsatt blir formelen slik frå sofaen:
    420cm/2,54 = 165,35" x 0.84 = 138"
    Og slik frå foran kaffebordet, ein meter nærmare lerret:
    320cm/2,54 = 126" x 0,84 = 106".

    138" er for stort for rommet. Det er ikkje aktuelt, og då tenkjer eg at 120" er det perfekte kompromiss. - ELLER - bør eg gå for 106"? Skilnaden på 106 og 120 er kanskje ikkje så stor?

    Dette valet har også litt å seia for projektorplasseringa.

    BenQ sin eigen kalkulator og Projector Central sin gjev faktisk ulikt resultat for denne projektoren, og det synst eg er litt rart.

    BenQ


    Projector Central:


    Begge gjev meg rom for å plassere prosjektoren med throw distance 4 meter på eit 120" lerret, men BenQ gjer det med zoom 1,30x og Projector central med zoom 1,00x. Diametralt motsatt altså...

    Kva trur du?
    Kor stort ville du valgt?

    (Akkurat då eg skulle poste dette kom postmann på døra med tv'en :-D)

  15. #15
    Intermediate
    Medlem siden
    Sep 2010
    Poster
    2,724
    Takk & like
    Nevnt
    1 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Kan du fint ha 120" lerret med projektoren din i rommet, trur eg det vert bra på 4.2m. Eg trur Ikkje du vil føla behov for å setta deg foran sofaen på rundt 3.2m då.

    Sjølv har eg 92" på ca 3.2m, og syns det er stort nok. 120" ville nok vert alt for stort på denne avstanden.

  16. #16
    Newcomer HolgerL sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2008
    Poster
    174
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Takk for innspel! Det er pga lyden at eg KAN finne på å setja meg foran sofaen, og er bittelitt redd for at det då blir for stort...

  17. #17
    Newcomer Rovik sin avatar
    Medlem siden
    Dec 2006
    Sted
    Frei
    Poster
    259
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Ser du har lagt fuktsperre på innerveggene. Fuktsperren skal bare monteres på yttervegger.
    * Dynabel SuperExact * SVS SB12-Plus * EAD (Theatre Master Ovation) * EAD (Theatre Vision P) * Monster Power HTS5100
    * Vincent SAV-P200 * Hitachi PJ-TX300 * Dreamscreen V1 Dynagrey alumotor 92"

  18. #18
    Intermediate TorTorden sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2012
    Poster
    4,175
    Takk & like
    Blogginnlegg
    3
    Nevnt
    9 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Sitat Opprinnelig postet av HolgerL
    Takk for innspel! Det er pga lyden at eg KAN finne på å setja meg foran sofaen, og er bittelitt redd for at det då blir for stort...
    Sakkosekk?
    Om du kan så marker på veggen med maskerings teip eller lignende hvor stort lerretet vil bli, om du f.eks kan se hele bilde uten og måtte snu på hodet så er det nok ok, mrn her kommer personlig smak inn og så hvor jeg syns er passe kan være alt for nære for deg.

    Personlig sitter jeg omtrent 1.9m fra et 90" bilde, for film og spill er dette helt konge men for tv serier blir det litt ukomfortabelt så da er det greit at det er stue kino og lerret kommer ned foran 50" tv :-D

    Det er jo også som sagt lettere og vise et 80" bilde på en 100" duk enn det motsatte.

  19. #19
    Newcomer HolgerL sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2008
    Poster
    174
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Sitat Opprinnelig postet av rovik
    Ser du har lagt fuktsperre på innerveggene. Fuktsperren skal bare monteres på yttervegger.
    Du har sjølvsagt rett. Det er imidlertid berre ein innervegg, og eg fortsatte å leggja plasten når eg likevel rulla den ut - for å minke mengden isolasjonsfiber i byggefasen. Eg tenkjer eg fjernar plasten på den veggen rett før platene skal på.

  20. #20
    Newcomer HolgerL sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2008
    Poster
    174
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Sitat Opprinnelig postet av TorTorden
    Sakkosekk?
    Hehe, til ungane, kanskje!

    Sitat Opprinnelig postet av TorTorden
    Om du kan så marker på veggen med maskerings teip eller lignende hvor stort lerretet vil bli, om du f.eks kan se hele bilde uten og måtte snu på hodet så er det nok ok, mrn her kommer personlig smak inn og så hvor jeg syns er passe kan være alt for nære for deg.
    Godt framlegg. Eg la ei av sponplatene som skal på veggen på sida på den veggen. Det tilsvarar bredda på ein 107" skjerm, og det såg i grunnen greit ut. No skal imidlertid lerretet trekkast ned ca 45 cm lenger ut i rommet (foran eit møbel), så då vil det jo framstå enda større.
    120" er 30 cm breiare. Hm. Kanskje det blir for stort?

    Sitat Opprinnelig postet av TorTorden
    Personlig sitter jeg omtrent 1.9m fra et 90" bilde, for film og spill er dette helt konge men for tv serier blir det litt ukomfortabelt så da er det greit at det er stue kino og lerret kommer ned foran 50" tv :-D
    Eg skal også ha 55" på veggen bak lerretet nettopp pga det du skriv. Det blir nok mykje tv-titting også. Drar ikkje ned lerretet for å sjå Dagsrevyen eller Big Bang Theory!

    Sitat Opprinnelig postet av TorTorden
    Det er jo også som sagt lettere og vise et 80" bilde på en 100" duk enn det motsatte.
    Så sant, så sant!

Side 1 av 5 1 2 3 4 5 SisteSiste

Lignende tråder

  1. Kondis lille stue kino
    By Kondis in forum Hvilket utstyr har AVforums medlemmer?
    Svar: 4
    Siste melding: 03-01-2016, 01:36
  2. Stue-kino vs. dedikert kino.. deling av Hjemmekinokategorien?
    By Frode.N in forum minHjemmekino og minHiFi
    Svar: 7
    Siste melding: 07-29-2015, 02:15
  3. Min beskjedne stue kino
    By Henrikr in forum Hvilket utstyr har AVforums medlemmer?
    Svar: 6
    Siste melding: 05-05-2012, 19:48
  4. Trond`s Stue kino.
    By Tollefsen in forum Hvilket utstyr har AVforums medlemmer?
    Svar: 4
    Siste melding: 02-21-2012, 16:31
  5. Stue-Kino
    By Totte in forum minHjemmekino og minHiFi
    Svar: 2
    Siste melding: 11-22-2006, 22:11

Stikkord for denne tråden

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere meldingene dine
  •