Kjellarstove - JIPPII! - Side 7

Sponsorer:
Takk Takk:  0
Like Like:  0
Side 7 av 21 FørsteFørste ... 3 4 5 6 7 8 9 10 11 17 ... SisteSiste
Viser resultater 121 til 140 av 403
  1. #121
    Intermediate alkar sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2010
    Poster
    1,201
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Tenker nok den svei fælt ja! Men moro med bilder altså. Det gjør seg! Gleder meg.

  2. #122
    Intermediate
    Medlem siden
    Sep 2010
    Poster
    2,724
    Takk & like
    Nevnt
    1 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    No driv eg å minker størrelse på bilda, så er godt på veg. Tenkte eg tar med heile sulamitten frå start...

  3. #123
    Intermediate
    Medlem siden
    Sep 2010
    Poster
    2,724
    Takk & like
    Nevnt
    1 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Då skal eg prøva meg på å legga ut litt bilder av kva eg har pjuska med i huset siste året. Er absolutt ingen fotograf og kameraet skal bytast vekk mot ei eska fyrstikker... Men men, here goes!

    Får starta med unnskuldningane først Dette er grunnane til at det har gått litt sakte framover i kjellarstova, bortsett frå latska, inkompetanse, økonomi, motvilje, andre interesser, mangel på tålmodighet, dårlig vær, alkohol, kvinnfolk, katten osv...

    Då huset vart kjøpt fann me som sagt ut at avløpsrøyret var lika bra som eit drensrøyr. I tillegg fekk eg, til tross av seljars forsikring om at det var tørt, hakaslepp når eg fjerna kledning i kjellaren. Alle veggane var lika våte som ein Justin Biber-konsert. Så etter rivinga (som det kjem bilder av), var det berre å gå i gang rundt huset.

    Fekk far til ein kamerat til å komma med minigravar. Han gjorde det gratis, så eg betalte berre for leiga av maskina, og på den måten sparte eg ein del kroner (har ikkje fått rekning endå, så det veit eg ingenting om...). Me starta med å kappa av altanen, som tok med seg 3 råtne bord frå veggen. Dette fordi han som renoverte huset før oss har 10 tommeltottar eller var TUNGT medisinert då han gjorde det. Uansett så var det ikkje mellomrom mellom altan og vegg. Då såg det sånn ut:

    Under "pappen" såg det sånn ut:
    Dette var ikkje noko krise, så eg dytta pappen fint på plass og lot det vera til gravinga var ferdig.

    Då det endeleg var gravd rundt heile huset, røyr var funne og alt var berre velstand var det på tide å vaska og slamma grunnmuren. Då fann eg "heldigvis" dette:

    Og dette:


    Til saman var det 4 store skadar i grunnmuren og eit mindre sår. Det djupaste holet måla eg til ca 25 cm. Eina hjørna var og ganske så "avrunda". Topp tenkte eg "eg har jo verkelig "mykje" erfaring med murarbeid (dvs. ingenting utan om at eg kjenner ein triveleg kar heimantifrå, som er murar). Skadane måtte i alle fall reparerast. Tilfeldigheter gjorde at eg veka etter køyrde ein kar som var betongingeniør i taxien. Han tipsa meg om eit produkt som heiter Structurite til skadane og Thoroseal til slamminga. Eg fekk ringt rundt, og fekk eit firma som hald til 30 mil vekke til å bestilla inn. 2 veker seinare fekk eg henta det. Berre 1250kr sekken! Det er jo eit kupp, sodan hey'di o.l. kostar under 200. Blakk og irritert reiste eg heim att for å ta fatt på skadane og slamminga:
    Kjellarstove - JIPPII!-s5021604-custom-jpg
    Slamming gjekk overraskande enkelt og greit syns eg. Sjølve slamminga var gjort av ein person på 2 dagar (1 strøk pr. dag) Og eg må sei resultatet vart bra.

    Sånn såg skadane på muren ut etterpå (hadde ikkje mureskei, men det er under bakken, så eg brydde meg mest om å få det tett og stabilt)
    Kjellarstove - JIPPII!-s5021605-custom-jpg
    Her er hjørna som var ver få cm frå å vera råtna vekk tvers gjennom:
    Kjellarstove - JIPPII!-s5021613-custom-jpg
    Fiksa skader rundt avløp:
    Kjellarstove - JIPPII!-s5021609-custom-jpg

    Fekk hakaslepp når eg høyrte prisen på produkta, men dei var i alle fall alle tider å jobba med. Slammemørtelen er og anbefala å bruka i basseng og drikkevatnsreservoar. Så eg vert overraska om det kjem meir vatn inn no!
    Etter dette la eg vortepapp med lister og 50mm styrofoam isolasjon opp til nett over bakkenivå.

    Dette var på slutten av sommarferien. Og så var det tilbake som lærar og taxisjofør, og dermed lite tid til å få gjort noko.
    Han som skulle greva igjen og byta avløpsrøyret, samt ordna med drenering og kumm, hadde aldri tid. Så frå august til oktober/november vart det ståande sånn. Heldigvis hadde me ein ekstremt mild haust her i nord i fjor, og frosten lot venta på seg.

    Eg fekk tak i drensrøyr, som eg la rundt huset. Byta jordingskabel og var klar. Nokon veker seinare dukka endeleg minigravaren opp igjen med pukk. Me fekk fylt pukk og massar rundt huset. Helga etter fekk eg tak i tette røyr til takrennene og fekk lagt alle tre takrennene i tette røyr til der kommen skulle stå. Så vart resten fylt igjen. Det stod no berre 2m opent når november kom Her skulle det komma kum og bytast avløpsrøyr. Dette måtte eg leiga inn firmaet til han som har minigravarfen til. Då har eg alt på den sikre sida. Same dag som snøen og frosten kom vart dette fiksa og gravd igjenBakken her går ikkje an å greva i i det heile på vinteren.

    Okey! Då har eg prøvd meg med masse bilder og tekst med alle unnskuldningane for at eg ikkje har gjort det tråden skal handla om Då får eg prøva med litt bileter frå kjellaren...

  4. #124
    Intermediate
    Medlem siden
    Sep 2010
    Poster
    2,724
    Takk & like
    Nevnt
    1 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    Dette var det som blei gjort før grevinga ute

    Gløymde desverre å ta bilder av kjellaren før eg starta med rivinga. Men sånn såg det i alle fall ut litt uti rivinga:

    Dette er faktisk det første skrittet som vart tatt. Desse to døren høyrer til to boder, som måtte rivast. Dørene stod på motsatt side, som var ein vegg (frå døropninga til nærast hjørne) Når eg ser vildet no saknar eg å ha så rein og ryddig kjellar
    Kjellarstove - JIPPII!-s5021468-custom-jpg

    Her er trappenedgangen og omtrent der første bilde er tatt frå
    Kjellarstove - JIPPII!-s5021469-custom-jpg

    Og her er det som var 2 boder
    Kjellarstove - JIPPII!-fjfj-custom-jpg
    Denneveggen fekk faktisk stå ganske så lenge. Det er bæring til trappa i den.

  5. #125
    Intermediate
    Medlem siden
    Sep 2010
    Poster
    2,724
    Takk & like
    Nevnt
    1 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Som det går an å skimta på bildet, så er det god høgdeforskjell på golvet som har vert inni bodene i forhold til resten av golvet. Dette visste sjølvsagt ikkje eg før det var reve. Idealist som eg er så tenkte eg at her var det berre å smella laminaten rett på heile golvet.

  6. #126
    Intermediate
    Medlem siden
    Sep 2010
    Poster
    2,724
    Takk & like
    Nevnt
    1 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    Rivinga fortsett!

    Fjerna panelen får veggen i det som var bodene. Kameraten min som hjalp meg litt den dagen, stakk selvfølgeleg av med hammar og brekkjern. Så då måtte mesteparten rivast for hånd. Heldigvis er eg litt sterkare enn hulken! Men god oppskrift på vond kropp.
    Kjellarstove - JIPPII!-s5021518-custom-jpg
    Det er desverre ein del støv på linsa på nokre bilete...

    Her er panel fjerna OG kappa til ved
    Kjellarstove - JIPPII!-s5021486-custom-jpg

    Her inspiserer ho Killer, min mest trufaste medhjelpar, vedstabelen.
    Kjellarstove - JIPPII!-s5021487-custom-jpg

    Veden blei stabla under tak, utanfor kjellardøra. Altanen som er bygd, går over kjellarutgangen, så den kan ikkje brukast likavel. Heldigvis har eg bestemt meg for å bruka den likavel ETTER at all veden var stabla der. Heldigvis berre 2 daga ekstra med vedstabling.

    Der var jaggu takpenelen reve og. Her kan ein sjå kabelen til oppvaskmaskin og komfyr, som er ført frå 2. etg-ned til kjellaren-opp att til 1 etg. 16A til vakemaskina atmed. Stubbgolv over.
    Kjellarstove - JIPPII!-s5021498-custom-jpg

    Her er kabelen (frå 1950) som forsyner heile kjellaren med straum. 10A. Som dere ser er det både profesjonelt og kvalitetsmessig... Berre eit under at ikkje huset har brent ned.
    Kjellarstove - JIPPII!-s5021500-custom-jpg

    Det var nokon få cm. klaring frå takpanel til stubbgolvet. Så for å få betre plass til spottane og for å få opp litt glava (det er veldig golvkaldt i 1.etg), velgte eg å fjerna det. Blei ekstremt glad då eg såg at alt er isolert med SAND!
    Kjellarstove - JIPPII!-s5021502-custom-jpg
    Nokon tenkjer kanskje at dette sikkrt er noko flott "isoleringssand" eller noko. Men nei, dette er eit lastebillass med sand, stein, skjell og dritt i frå fjæra. Og som bonus, litt restar av murstein og gamle aviser.

    Dette vinduet tok eg i iver å røska ut, for å mura igjen med isolerte lekablokker, for å få eit varmare hus.
    Kjellarstove - JIPPII!-s5021504-custom-jpg
    Saman med dette vinduet
    Kjellarstove - JIPPII!-s5021506-custom-jpg
    Det er vel opplagt at det fortsatt berre er eit av vinduene som er blitt tetta den dag i dag.

    Huset er bugd på med bad i seinare tid. Derfor er det 2 vindu som berre har utsyn mot under badet. Derfor har eg tenkt det er betre å mura dei igjen. Då eg fjerna det eine vinduet syns eg det var noko rart...

    Eg tok ei skrua og smalt den inn i grunnmuren. Eg vart litt overrasja då eg fekk skrudd den inn. Det viste seg at murveggane mine ikkje var murveggar likavel. Det er ein eller anna form for murisolasjon som er delt opp i plater, med murpuss utanpå.
    Kjellarstove - JIPPII!-s5021526-custom-jpg

    Då var eg jo plutseleg i gang med å riva det og.


    Dette var alt som blei gjort i kjellaren fram til påska i fjor.

  7. #127
    Intermediate alkar sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2010
    Poster
    1,201
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Sånn skal en seriøs kinobyggers bilder være! Bra update! Føler allikevel med deg, med en sånn arbeidsmengde. Det skal ikke alltid være like lett, men etter å hjulpet til med renoveringen av nesten hele huset vårt (svigers er murer og handyman nummer 1, så jeg er fungerende håndtlanger) så er det bare å si at det er lys i tunnelen, og blir det gjort ordentlig, så er resultatet av jobben meget tilfredstillende. Stå på min venn!

  8. #128
    Intermediate
    Medlem siden
    Sep 2010
    Poster
    2,724
    Takk & like
    Nevnt
    1 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Ja, no er det lettare å sjå enden på det. Og ein lærer jo av alle tabbane (mange) ein gjer til neste gong

    Skal få gjort litt i helga og. Men er ikkje så vanskeleg å mota seg opp til det, no når det går framover.

    Men først, pause med pistasjis

  9. #129
    Intermediate alkar sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2010
    Poster
    1,201
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    En velfortjent en sådan! Enjoy!!!

  10. #130
    Intermediate
    Medlem siden
    Sep 2010
    Poster
    2,724
    Takk & like
    Nevnt
    1 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Har vert lite oppdateringar her no. Driv med litt forskjellige prosjekt for kjellaren no. Bestiller det eg treng av matrial til resten og planlegg det. Planlegg innkjøp av lerret og PJ, avstand og slikt og prøver å finna ut ei bra løysing med triggera, slik at alt slår seg på når PJ blir slått på. I tillegg prøver eg å bli klok på dette Irule systemet eg vil bruka saman med IR2IP Itach eg vil bruka. Men det er jo lettare sagt enn gjort, då noko er IR og noko er RF. Vil helst at alt går på same. Derfor leitar eg og etter ny (fjernstyrt) dimmar til lysa, som kan styrast med dette. Og så prøver eg å finna ut om eg kan leggja varmefolig, kor mykje straum, og frå kor som trengst. Og om eg kan få fjernstyrt termostat, slik at den og kan styrast med Irule.

    Og til slutt planlegg eg no barløysinga eg vil ha i kjellaren. Må ha riktige må, rett str. på benkeplate, rett type kjøleskap, tappekranar, co2 regulator, slangar osv...

    Så no går alt litt i surr her

    Men skal prøva å få lagt ut ein del nye bilder med oppdateringar i løpet av helga...

    Men dersom nokon har litt peiling på lerret/PJ, styring av dette, tar eg i mot det med stor takk!

    Lerretet eg ønskjer er Dreamscren V3 Tab 92" og PJ som eg vurderer er Epson 6000/9000 og Sony EHTV30 eller noko i den duren (den nye), eller noko rimelegare, etter som korleis det går med budsjettet. Takhøgd blir 2.15m og avstand frå lerret til bakerste punkt på PJ blir ca. 3.2m

    Har funne ut at det er mulig med sånn trigging no, utan at eg forstår det. Men lurar på om det er mogleg å legga det opp slik at når eg slår PJ på, så senker lerretet seg, receiver og Bluray/mediaspelar slår seg på. DET hadde vert fint å fått til!

    Som sag tar eg gjerne i mot alt av innspel! Må nesten ha planen klar no, før gamlefar kjem og smeller opp takplater panel og full ståhei

  11. #131
    Intermediate
    Medlem siden
    Sep 2010
    Poster
    2,724
    Takk & like
    Nevnt
    1 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    Tittel

    Korleis forandrer eg forresten tittel på tråden min?

  12. #132
    Intermediate alkar sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2010
    Poster
    1,201
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Gå inn i første posten, trykk "endre" og så "avanserte funksjoner" og Voila!

  13. #133
    Intermediate
    Medlem siden
    Sep 2010
    Poster
    2,724
    Takk & like
    Nevnt
    1 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)

    Internett!

    Etter ein god pause pga reising og anna stress har eg pått pusla nokre timar i dag. Fekk kopla opp internettkontakt i dag, og testa den. Etter mykje mikkmakk, så fungerer den. Så sjølv om eg ikkje har golv endå eingong, så har eg i alle fall internett i kjellaren

    No er det å byta ledningen som går frå sikringgskapet i 2. etg. og til vaskemaskina i kjellaren, montera koplingsboks til dimmebrytar og trekka kablar til den, Så er eg klar til å plata veggane, endeleg. Platene kjem på mandag.

    Fekk forresten eit søtt lite (kj)øleskap på 60x60x90 i går, som no berre ventar på å få plass.

    No er eg og komen såpass langt at det er for seint å ombestemma seg ang. ting og tang, så no må eg berre gi gass å gjera det ferdig, så får eg heller irritera meg over bommertane seinare.

  14. #134
    Intermediate Duppi dupp sin avatar
    Medlem siden
    Sep 2005
    Poster
    1,230
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    syns dette var meget int lesing siden min kjeller er oppbygd på samme måte med sand i taket, har holdt på flere timer selv å revet tak nå og det er noe DRITT mildt sakt..

    Hvordan har du tenkt å gå videre i selve taket?

  15. #135
    Intermediate
    Medlem siden
    Sep 2010
    Poster
    2,724
    Takk & like
    Nevnt
    1 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Hehe, ja den sanden er eg MEGET glad eg er ferdig med. Trur fortsatt eg er ca. 5kg tyngre pga den.

    Eg har berre tenkt å kubba på 60cm mellom bjelkane som går på tvers, og legga vanlege takplater på langs. Desse skal jo ikkje festast i endane, så då treng eg ikkje bekymra meg for ujamn avstand mellom bjelkane. Vurderte å lekta ned, noko som sikkert hadde vert lettare, men vil beholda kvar cm eg har under taket. Vurderte og lydbøylar, dobbel gips og slikt, men det er berre eg som bur i huset, så tenkte det var bortkasta energi. Trur det endar på mellom 210cm og 215cm når golv og tak er på plass.

    Skal prøva å få lagt ut fleire bilder i morgon (er håplaust treig med bilder). Kjekt at nokon les litt i tråden min forresten

  16. #136
    Intermediate
    Medlem siden
    Sep 2010
    Poster
    2,724
    Takk & like
    Nevnt
    1 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Eg vart selvfølgeleg sjuk sundag for 1 1/2 veka sidan. Så eg låg langflat med feber når pappen kom for å hjelpa meg med snekringa. Onsdagsmorgon var det berre å trykka ned litt paracet å gå i gang. Så feberen til tross, har eg fått gjort mykje den siste veka: Skifta ut alt elektrisk i heile kjellaren, flytta varmtvatnstanken inn på vaskerommet og kopla den til, fjerna lufterøyret til avløpet, satt inn dør til snikkerboden, plata veggane, lekta ned og plata taket, lagt 2 16A kursar i kjellarstova og kopla til alle kontaktane, montert spottane og dimmar, lista taket, pussa pipa og bæremuren. Det har vert ei produktive veka, som endeleg viser resultat av

    Det som gjenstår: Mala deler av rommet (gang, pipa og mur), foring rundt døra og 3 vindu, legga dampsperra på golvet, varmekablar, legga laminatgolvet og golvlister, lista rundt vindu, dører og hjørner. Då skal rommet vera ferdig!

    Bilder kjem til helga...

    AVshop har ikkje inne dreamscreen tab 92" med svart kasset. Men ser dei har manuelt 92" V2 til under 1 500. Ser og at Epson TW6000 har krøpe under 10 000. Er det berre å gi gass på dette? Budsjettet mitt har jo minka kraftig på den kanten, ettersom pengane er brukt på materiel... Nokon formeining om eg vert nøgd med dette oppsettet? No er jo veggane mine lyse og blanke, og taket mitt glinsar som som ei diskokula. Dette skqal malast seinare, men det vert ikkje denne veka...

  17. #137
    Intermediate alkar sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2010
    Poster
    1,201
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Det er bare å gi gass! Dette er en hobby der oppgraderingsspøkelset alltid vil ha muligheter til å slå til igjen, så det er en god start. Det som er problemet er evt at kantene buer seg og lerretet ikke forblir helt rett når du ikke kjører tab-tension lerret. Men for 1.500 kroner så er det vel ikke et mareritt å oppgradere senere. V2 duken kan jeg desverre ikke så mye om, men vil da tro at det er en god duk å starte med. Ser frem til bilder!

  18. #138
    Intermediate
    Medlem siden
    Sep 2010
    Poster
    2,724
    Takk & like
    Nevnt
    1 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Ja, eg og tenker at 1 500 ikkje er enorm investering. Og 5 000 på lerret og 25 000 på PJ kan eg nok berre gløyma no. Foring til 1 vindu kostar 1 500, så budsjettet ryk fort. Trur eg berre kjem til å laga noko sjølvsnikra løysing på foringar, som vert mykje billegare, og sikkert nesten lika bra.

    Golvet ligg klart i gangen og tempererer seg, så det er klart til å leggja. Ventar fortsatt på anbud frå elektrikar på varmefolie i golvet, men det får eg ikkje før om ei veka. Dersom det kostar over 20 000, må det sløyfast. Vurderer å leggja isolasjon og varmefolie frå Megaflis sjølv (veit det ikkje er lov, men det kan ikkje vera noko hokus pokus), då får eg det ferdig og klart for rundt 13 000, som eg kan greia å få råd til.

    Valgte å lekta ned taket 2.3cm likavel. Dette gav mykje mindre arbeid og løyste ein del andre utfordringar. Så med golvet kjem vel takhøgda mi på ca. 213cm no. Det er litt lavt, men det får vera greit nok.

    No ser det uansett ut som det kan verta vanskeleg å ta kjellarstova i bruk. Det eg ikkje har tenkt på, er jo at eg gjerne skal ha inn ein sofa i rommet. Det er jo litt greit å ha noko anna enn ein kjøkkenstol å sitta på. Men ein sofa er jo ikkje ein liten sak. Det som derimot er lite, er døra i kjellartrappa mi, som berre eg 60cm brei Det er umogleg å få ein sofa ned den. Ikkej har eg vindu som er meir enn 50cm heller. Ser ut som det vert ei "stå-kjellarstove"

    Edit: Treng tips til rimeleg og lite (minst og penast mogleg) svart Projektorfeste for tak. Har og lagt opp ledning til surroundBack høgtalarar, men ikkjefesta lista. Kvar skal desse hengja på vakveggen? Inne i hjørna, vinkla mot lytteposisjon eller skal dei lenger inn mot midten av veggen? (dei vert henge oppe ved taket.

  19. #139
    Intermediate alkar sin avatar
    Medlem siden
    Jan 2010
    Poster
    1,201
    Takk & like
    Nevnt
    0 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    De skal henge et stykke inn på bakveggen. Google dolby sine sider så finner du en tegning på det. Vedrørende sofaer, så er det bare å sjekke hva som kommer i flere deler. Sofaen vår kom i fem eller seks deler og da tar den ikke opp voldsomt med plass under frakt. Alternativt har du jo AVshop sine kinostoler som kommer i moduler. Det gir deg jo muligheter til å bygge ut sitteplasser etter behov og lommebok.

  20. #140
    Intermediate
    Medlem siden
    Sep 2010
    Poster
    2,724
    Takk & like
    Nevnt
    1 post(er)
    AVtorget feedback
    0
    (0% positive tilbakemeldinger)
    Eg har ein siste mulighet når det gjeld sofa. Det er å saga vekk delar av altanen, for så å bruka den nye kjellardøra på 90cm Dette hadde eg uansett tenkt å gjera. Lite vits å ha ny kjellardør, dersom det ikkje går an å gå ut den. Då får eg større dør, men det er berre ca. 1m frå døråpninga til murveggen i trappa, Så evt.sofamå snuast 90grader for å komma inn døra, men har berre 1m å snu på. Hadde vert frykteleg pinleg å gjera ferdig kjellarstova, for så å finna ut at det ikkje går an å møblera den. Får kanskje vurdera sånne oppblåsbare møblar om alt anna skulle slå feil

Side 7 av 21 FørsteFørste ... 3 4 5 6 7 8 9 10 11 17 ... SisteSiste

Stikkord for denne tråden

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere meldingene dine
  •